Hopp til innhold

Slik kan regjerings­kvartalet sjå ut

Sju prosjektgrupper har levert sine forslag til nytt regjeringskvartal anonymt. Nå skal ein jury på ni personar velje ut dei to beste forslaga som går vidare i arkitektkonkurransen.

Sju prosjekteringsgrupper har sidan februar i år arbeidd med å utvikle forslag til nytt regjeringskvartal. Det er fleire mål, føringar og krav dei ulike gruppene må ta omsyn til i konkurranseprogrammet. Nå har dei ulike gruppene levert sine forslag.

LES OGSÅ: Tett, høyt og ganske konvensjonelt

Konkurransen er anonym, og verken juryen eller nokon andre veit kven som står bak dei ulike forslaga medan juryen sitt arbeid går føre seg.

– Vi er ved ein av prosjektet sine viktigaste milepælar, så det er med spenning og interesse vi har teke imot forslaga, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.

Nå presenterer Statsbygg dei sju forslaga i sin plan- og designkonkurranse for nytt regjeringskvartal.

Adapt

Adapt

Akersryggen

Akersryggen

Kiming

Kiming

Lysning

Lysning

Rakrygg

Rakrykk

Sekvenser

Sekvenser

Vidsyn

Vidsyn

Sju skal bli to

Ein jury på ni medlemmer skal vurdere dei innkomne forslaga og velje ut dei to beste. Hausten 2017 vil Statsbygg gå i forhandlingar med desse to om tildeling av prosjekteringskontrakten. Til slutt står ein igjen med eitt forslag. Det er forslaget til den gruppa som får kontrakten som vil bli lagt til grunn i det vidare arbeidet med nytt regjeringskvartal.

– Det er eit mål å bringe fram eit tydeleg konsept som let seg gjennomføre. Samtidig må det vere robust nok til å gje rom for endringar i den vidare prosjektutviklinga, seier Nikolaisen.

Når juryen vurderer forslaga vil den vektlegge alt frå arkitektonisk utforming, kulturminne, økonomi, gjennomførbarhet, openheit, byliv, organisering av arbeidsplassar og fellesfunksjonar, fleksibilitet, miljø og sikkerheit.

Dei sju forslaga er utstilt i 22. juli-senteret, i paviljongen i høgblokka.

Jury nytt regjeringskvartal, Statsbygg

JURYEN: F.v. Beate Erikstad, Anders Wethal, Trygve Sagen, Petter Skarheim, Synnøve Lyssand Sandberg, Ellen Hellsten, Arne Henriksen, Aase Hørsdal, Ragnar Bovim.

Foto: ©Photographer Trond Isaksen/Statsbygg, ©Photographer Trond Isaksen/Sta

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober