Etter USA-valet vurderer U2 å endre på si siste plate, som eigentleg er ferdig. Bandet vurderer om dei skal gjere nokre endringar i lys av at Trump vant valet.
I eit intervju med musikkmagasinet Rolling Stone, seier gitarist The Edge at bandet sett albumet på vent nå som Trump tek over det kvite hus.
– Vi treng ei pustepause. Det kan hende vi skal legge til fleire songar, fordi vi er usikre på om albumet har det bodskapen vi ønskjer nå som verdssituasjonen er ein annan, seier The Edge til magasinet.
U2 fullførte sitt fjortande studioalbum «Songs of Experience» mot slutten av 2016. Mesteparten av songane var ifølge gitaristen skrivne i starten av 2016 eller før det.
– Nå er ikkje verda lenger den same, det trur eg du må vere einig i, seier The Edge til Rolling Stone.
Lader opp til 30 års jubileum
Gruppa har ved fleire høve gitt tydeleg uttrykk for kva dei meiner om Trump. Under ein festival i Las Vegas i september i fjor spurte Bono om publikum var villige til å gamble vekk alt på Donald Trump.
Desto større tilhengarar er bandet av den avtroppande presidenten Barack Obama.
U2 var blant artistane som hylla president Obama då han blei innsett som president i 2009. Og Bono gav si støtte til Obama då han blei tildelt Nobels fredspris.
Gitaristen i U2 meiner Trump sin siger er som ein pendel, som brått har teke ein stor vending. Gruppa lader opp til 30 års jubileum for albumet «The Joshua Tree», som kom medan Ronald Reagan og Margaret Thatcher regjerte.
– Det var ein periode prega av mykje uro. Det følast som vi er tilbake dit, seier The Edge.