Kronprins Haakon etter oppføringen av barneoperaen Max and Moritz av Gisle Kverndokk i New York.

Kronprins Haakon saman med involverte aktørar på Lower Manhattan Arts Academy i New York, etter oppføringa av barneoperaen Max and Moritz av Gisle Kverndokk.

Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

Høg kultur – låg status

Kronprinsen smilte breitt etter oppføringa av barneoperaen «Max and Moritz» av Gisle Kverndokk i New York i 2010. Eit smil «ingen» såg.

Eit enkelt google-søk viser oss at biletet og historia om norsk suksess i USA blei publisert på kongehusets norske, engelske og samiske nettsider. Ikkje VG. Ikkje Dagbladet. Ikkje Aftenposten og heller ikkje på NRKs nettsider, for den sakas skuld.

Vi startar saka med ein quiz:

Komponistlegenden Pierre Boulez og Luzern Festivalakademi tinga og urframførte eit stykke av ein ung norsk komponist i 2006. Seinare har denne komponisten skrive for fleire verdsleiande ensemble. Kva heiter komponisten? Svar: Ruben Sverre Gjertsen.

I 2016 vart eit norsk verk tildelt utmerkinga «Recommended Work» under det internasjonale Rostrum for komponistar, ei internasjonal mønstring av kringkastarar frå tretti land. Kva heiter komponisten? Svar: Therese Birkelund Ulvo.

I vinter var det premiere på ein norsk opera i New York. Framføringa var ein publikumssuksess, operaen vert skildra som viktig og aktuell. Kva heiter komponisten? Svar: Gisle Kverndokk.

Ruben Sverre Gjertsen, Gisle Kverndokk og Therese Birkelund Ulvo

KOMPONISTAR: Ruben Sverre Gjertsen, Gisle Kverndokk og Therese Birkelund Ulvo.

Foto: Miriam Hagen / Andreas Ulvo

Gjertsen, Birkelund Ulvo og Kverndokk går inn i ei rekkje av norske kunstnarar som har vorte hylla utanlands, men som er lite kjende her heime.

Kvifor er det slik? Er dette karakteristisk for Noreg? Verdset vi ikkje eigne kunstnarar som gjer internasjonal suksess? Er ikkje nye kunstnarlege prestasjonar med å byggje opp vår nasjonale identitet og stoltheit?

Har media skulda?

– Det verkar som at media vel å rette alt fokus mot nokre få utøvarar i det klassiske musikkfeltet. All merksemd går til nokre få «kjendisar», seier mezzosopran Bettina Smith.

Bettina Smith

Mezzosopran Bettina Smith.

Foto: Yaniv Cohen

Ho har gjort ei strålande karriere som operasolist mellom anna på ærverdige Staatsoper Berlin, Bastille-operaen i Paris og Consertgebouw i Amsterdam. Folk kan stoppe henne på gata i Sveits og be om autograf. Kva slags mediemerksemd har ho fått her heime?

– Det dreiar seg om nokre få notisar i heimbyens avis, Bergens Tidende.

Mange som arbeider innan kulturfeltet er frustrerte over manglande eller mangelfull mediedekking av kultursaker. Idrettseliten vert kjendisar gjennom daglege oppdateringar i media, og du får høyre det om Ole Einar Bjørndalen blir forkjøla, sjølv utanfor sesong. Men skal du få med deg ein norsk supersuksess i samtidsmusikken, må du høyre mykje på P2. Vert interessene og vanane til oss nordmenn reflektert i medias prioriteringar? Dette er vanskeleg å få greie på, men Smith meiner det finst ein tendens blant nordmenn til å underkommunisere det at dei har kunstarlege eller intellektuelle interesser.

– Sjølv dei som har studert musikk vil heller dele strikkeoppskrifter på Facebook, enn å tilkjennegje at dei er opptatt av kunst og musikk. Kulturen verkar meir til stades i kvardagen til folk i andre europeiske nasjonar.

Musikk i den offentlege samtalen

Dersom til og med kunst- og musikkglade nordmenn tonar ned kulturinteressene sine for omverda, kan ein vente at musikken blir eit tema i den offentlege samtalen? Og korleis kan musikk tilføre noko til samfunnsdebatten?

Musikk burde vere ein viktig ein del av den offentlege samtalen, meiner komponist og forfattar Eivind Buene.

Komponist og forfattar Eivind Buene

Eivind Buene fekk Spellemannprisen 2012 i klassen komponist for Cikada-utgivelsen «Possible Cities/Essentials Landscapes» og Edvard-prisen 2015 i klassen samtid for verket «Blue Mountain».

Foto: Henrik Beck

Men han ser at diskusjonen om ny musikk ikkje har vore høgt akta i Noreg. Dette er kanskje eit symptom på at den nye musikken har låg status i Noreg, men det skuldast også det at musikkfeltet har vore nøgd med at musikken har status som autonom – som eit eige, sjølvstendig felt som ikkje treng å ha nokon «nytte», eller rettferdiggjere seg som noko anna enn kunst for kunstens skuld.

Det er dessutan vanskeleg å vere eksplisitt politisk eller argumenterande i eit musikkverk. Men nettopp difor kan musikk og kunst tilføre noko viktig til kritisk tenking. Buene heldt innlegg saman med skodespelar, lege og musikar Anders Danielsen Lie på festivalen Off the Page i Bergen i vinter, ein festival som er vigd samtalen om musikk.

– Det er viktig å prøve setje ord på dei sterke erfaringane ein har når ein høyrer på musikk, seier Danielsen Lie.

– Og ein burde utvide omgrepet «kritikk» i norsk kontekst: Noreg har ikkje har nokon kritisk tradisjon; kunstkritikk tar oftast form av rein kjøpsrettleiing. I til dømes Frankrike, kan ein oppleve at eit nytt kunstverk sparkar i gang ein større debatt. Det ser ein sjeldan her.

Anders Danielsen

Skodespelar, lege og musikar Anders Danielsen Lie.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Men bør kunstnarar og komponistar ta litt av skulda, om dei lagar verk som folk ikkje opplever som samfunnsrelevante?

– Ein kan ikkje påleggje kunsten å vere samfunnsrelevant, seier Danielsen Lie. Det er noko sant i munnhellet «all politisk kunst er dårleg kunst, all god kunst er politisk». Kunst kan vere grensesprengande og provoserande, men den politiske kunsten som vår foreldregenerasjon opplevde, ser ein lite av i dag.

Difor er truleg avstanden mellom kunsten og den offentlege samtalen større no enn då. Men dersom kunsten er god vil den røre ved oss, og derigjennom ha samfunnsrelevans og eit politisk potensiale.

Historisk nedvurdering

Edvard Grieg fekk avlag på søknaden om statsstipend i 1862. Han hadde allereie oppnådd ein viss suksess i Tyskland, men heime kunne ikkje Stortingets menn sjå at dette skulle kvalifisere til anerkjenning i form av stipend. Grieg måtte vente i 12 år til før han skulle oppnå statens kunstnarløn. Han kjende seg utsett og lite akta i heimlandet, det uttrykkjer han klårt i sine mange brev, mellom anna til sin gode ven og støttespelar Frants Beyer i 1904:

«Nordmenns forhold til kunst er konsekvent tarvelig. Vi er rent ut sagt ikke modne til å ha tonekunst omkring oss. Eller la meg si kunst overhodet.»

Grieg var vonbroten etter at han vart nekta å oppføre Mozarts Requiem i Bergen, fordi ein rekna Mozart som katolikk.I brevet til Johan Paulsen i 1877 slår han fast at friluftsliv og idrett dominerer over kunsten i Noreg:

«Ingen åndens mann kan holde ut her i landet mer enn en stund ad gangen. Her er bare kulde og barskhet, i naturen som i gemyttene. Jeg er for gammel til å gjøre kur til disse kolde mennesker ved å utdanne meg til sportsmann.»

Men sidan Griegs tid har nasjonen Noreg fått godt med pengar og ei større kontaktflate mot kontinentet. Har ikkje nordmenn med dette vorte meir glade i og stolte av komponistane sine?

Lennart Rosenlund

Lennart Rosenlund er professor emeritus ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag i Stavanger.

– Dei rikaste blant oss ser ikkje ut til å vere særleg opptatt av musikk, forklarar sosiolog Lennart Rosenlund, som har utført fleire såkalla korrespondanseanalysar av nordmenns kulturbruk – analysar som viser korleis kulturbruken vår korresponderer med mellom anna inntekt, utdanning og opphav.

Rosenlunds korrespondanseanalyse er laga etter modell av den franske sosiologen Pierre Bourdieu, kjend for boka Distinksjonen (1970), der han hevdar at dei med høg «kulturell kapital», til dømes høg utdanning, definerer kva som er «den gode smak». Dermed utgjer dei ein slags maktelite i det sosiale hierarkiet, for dei med låg kulturell kapital vil stillteiande godta denne definisjonen av «høg» og «låg» kultur, og forstå sin eigen smak ut frå blikket til «dei herskande klassene».

Tala viser at det er den utdanna middelklassen som oppsøkjer såkalla høgkultur i Noreg, som innanfor musikk tyder opera, ballett og klassisk musikk. Samtidsmusikk er ikkje ført inn som eigen sjanger i analysen, vi veit difor lite om den sosiale profilen til dei som oppsøkjer samtidsmusikk.

Kanskje får vi ein peikepinn ved å sjå på dei som lyttar til «moderne jazz» eller «klassisk»? Båe grupper har få lyttarar, som har høg kulturell kapital, men låg økonomisk kapital. Dersom dette også gjeld dei som skriv og høyrer på samtidsmusikk, er det vel absurd å hevde at desse utgjer ein maktelite?

– Jau, det ville vere absurd, ler Rosenlund.

– Men innanfor sitt felt kan dette utgjere ein viktig kapital. Sjølv om ein ikkje utgjer ein maktelite i Noreg, kan ein forvalte makt i miljø som går på tvers av nasjonsgrensene. Landegrenser spelar mindre rolle når ein opererer innanfor eit smalt felt.

Høg utdanning – ligg lågt

Kan Bourdieus funn overførast til norske forhold? Har Noreg hatt ein herskande klasse som definerer den gode smak, og i så fall, kva smak er dét? Dersom ein går ut frå at gruppa som høyrer på samtidsmusikk til ein viss grad overlappar med gruppa som oppsøkjer såkalla høgkultur og/eller moderne jazz, så dreiar det seg om den utdanna middelklassen. Kan ein seie at deira smak er dominerande? At denne gruppa har definisjonsmakta over kva som er «høg» og «låg» kultur?

Ove Skarpenes

Ove Skarpenes er professor i sosiologi ved Universitetet i Agder.

Foto: Emil O. B. Skarpenes

Professor i sosiologi Ove Skarpenes er kritisk til å overføre Bourdieus kulturanalyser på norske forhold.

Han hevda i 2008 at den norske utdanna middelklassen vegrar seg mot å rangere kultur, det vil seie å hevde at den kulturen dei sjølv likar – deira smak – er «betre» enn andres. Dette fordi smaksdommar i Noreg vert knytt til moralske dommar og rangering av menneskeverd: At ein ved å hevde at ein sjølv har god smak dermed også reknar seg som eit «betre» menneske.

Korleis vert så smaken til den utdanna middelklassen kommunisert?

Skarpenes sin posisjon vert utdjupa av sosiolog og forskar ved IRIS (International Research Institute of Stavanger) Merete Jonvik. Hennar avhandling frå 2015 dreia seg om stavangerfolks kulturelle praksisar i høve til sosiale hierarki.

– Det stemmer at ein ser ei rangeringsvegring i den utdanna middelklassen. Dei opplever det som sosialt risikabelt å fritt fronte sine kulturelle ressursar i møte med folk dei ser som annleis enn seg sjølve, og vegrar seg mot å erkjenne ein samanheng mellom smak og utdanning. Men det at dei ikkje kommuniserer kulturelle grensedragingar, tyder ikkje det at dei ikkje gjer grensedragingar, dei er snarare påpasselege med kva situasjonar dei spelar ut dei kulturelle skiljelinjene i.

Utsegna til mezzosopran Bettina Smith, om at høgt utdanna facebook-vener heller delar strikkeoppskriftar enn å vise interesse for høgkultur, støttar dette.

Merete Jonvik

Merete Jonvik er sosiolog og forskar ved IRIS (International Research Institute of Stavanger).

Foto: IRIS

Men kvifor vil dei som har interesse for høgkultur underkommunisere denne interessa? Av omsyn til dei som ikkje identifiserer seg med høgkulturen? Tenkjer ein seg at dei lågt utdanna kjenner seg mindreverdige overfor «høgkulturen»?

– Ein må vere forsiktig med å anta at nordmenn klassifiserer seg på same måte som i Bourdieus Frankrike, seier Skarpenes.

– Vi har ikkje hatt eit liknande mektig føydal-aristokrati eller urban-aristokrati til å målbere danningsideal og høgkultur. Danningskultur i Noreg vert halde i sjakk av moral og anti-intellektualisme, forankra i ein tradisjon av jordnær bondeegalitarisme (eit sosialt likskapsprinsipp om at alle er verd det same. red.anm.), kristendom, lekmannsrørsle og arbeidarrørsle – ein slags sekularisert lutherianisme.

Derimot vert materiell kultur – kjøp av statussymbol i form av til dømes merkeklede, interiør og bil – berre delvis halde i sjakk av ein økonomisk likskap.

Skarpenes tvilar på at dei lågt utdanna kjenner seg undertrykte og ekskluderte fordi den utdanna middelklassen grupperer seg i tause smaksfellesskap. Han er difor kritisk til å sjå på denne typen kulturell kapital som ein betydeleg symbolsk maktfaktor i Noreg.

Det at ny musikk utgjer ein liten plass i det offentlege skuldast nok at det går på tvers av haldningane og sjølvforståinga til dei fleste nordmenn å oppsøke samtidsmusikk:

– Dei identifiserer seg ikkje med feltet, eller med det som er deira oppfatting av feltet som ein del av høgkulturen, seier sosiologen Merete Jonvik.

Hennar forsking frå Stavanger er i tråd med Skarpenes sine funn: Dei med låg utdanning definerer ikkje smaken sin etter dei øvre lag sine «blikk», og dei kjenner ikkje særleg ærefrykt, aspirasjon eller kjensler av mindreverd overfor «høgkulturen». Ja, sjølv hos dei som likar og oppsøkjer den nye kunsten ser ein ei uvilje mot å rangere denne kunsten over annan kultur.

Kultur i oljebyen

Fleire sosiologar har interessert seg for Stavanger-regionen og studert om velstandsutviklinga har medført endringar i smak og kulturbruk i Noreg.

I boka Hva har oljen gjort med oss, viser Nils Asle Bergsgard at velstandsauken ikkje har ført til auka deltaking på konsertar med kunstmusikk – det er dei allereie populære arrangementa, store rock- og pop-konserter og musikkfestivalar, som opplever aukande deltaking. Den såkalla «high-brow-kulturen» – høgkulturen – er ikkje populær blant dei velsituerte. Det er kvinner med høg utdanning og lågare inntekt som dominerer her.

Samtidsmusikk – ny kunstmusikk som utfordrar hierarkia – er også her fråverande i sosiologanes undersøkingar. I seg sjølv eit interessant faktum.

Skarpenes og Jonvik får delvis støtte hos postdoktor Vegard Jarness, som har skrive avhandling om kulturbruk i Stavanger:

– Det er ikkje først og framst gjennom klassisk musikk og annan tradisjonell «danningskultur» som dei øvre sjikta i klassestrukturen distingverer seg i dag. Dei syner snarare ein meir leiken og «kosmopolitisk» smak, til dømes lefling med eksotisk populærkultur frå fjerne strøk, anten det er snakk om mat eller musikk. Vel å merke på en distingvert måte: med ein kunnskapsrik og estetiserende distanse.

Vegard Jarness

Postdoktor ved universitetet i Bergen. Vegard Jarness har skrive avhandling om kulturbruk i Stavanger.

Foto: Maud Lauvstad Hansen

Så sjølv om det varierar kva dei ulike klassene omfemnar (og avviser), ser det ut til at sjølve avstanden i estetisk orientering mellom klassene held seg stabil – også i det egalitære Noreg.

Kva grunnlag er det då for å assosiere samtidsmusikk med «finkultur» og dermed snobberi, arroganse og «dei priviligerte»? Føreset vårt omgrep om «høgkultur» ei utdatert forståing av dei kulturelle felta, og ei mekanisk bruk av Bourdieus analysar? Er det som kallast høgkultur på kontinentet snarare ein motkultur i Noreg?

– Det er nok slik at dess smalare sjanger ein som musikar opererer i, dess mindre er publikum i Noreg, seier Jarness.

Han minner samstundes om at dei smalare kulturuttrykka får anerkjenning i form av statsstøtte, stipend og slikt som mange av dei meir «folkelege» utøvande kunstnarane (til dømes dansebandmusikarar) berre kan drøyme om.

Og sjølv om folk avviser «finkultur», så finn Jarness at det ligg ei viss anerkjenning i avvisinga: Dei som uttrykkjer aversjon er ikkje heilt eintydige i aversjonen: han er ofte akkompagnert av undring, nysgjerrigheit og ein viss respekt.

Ei mager trøyst, kanskje, for komponistar som ikkje vert profetar i eige land.

Inntil vidare får dei leve med at fotball-landslaget, håndballjentene og Petter Northug stel avisoverskiftene. Og for å seie det på godt nynorsk: Who cares?

Anbefalt videre lytting:

Anbefalt videre lesning:

Wu Wei spiller Sheng

Wu Wei spiller Sheng.

Foto: Matunda Bigirimana / NRK

1000 år eldre enn kristendommen. Wu Wei er den største virtuosen på verdens eldste blåseinstrument, sheng. Les saken

Berit Cardas

Konsertfiolinist Berit Cardas.

Foto: Henning Gulli / NRK

– Livsviktig å lære klassisk musikk! – Noen burde åpne opp kraniene deres. Klassisk musikk gjør dem smartere, mener korleder og fiolinist Berit Cardas. Les saken