UKRAINE-EUROVISION/
Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Internasjonal redningsaksjon for ESC

Eurovision Song Contest skulle bli ein etterlengta opptur for Ukraina. Men etter eit kaotisk år, måtte det ein internasjonal redningsaksjon for å få arrangementet i hamn.

Konfettien har lagt seg, lysa er skrudde av og scenen rigga ned i Globen i Stockholm. Fleire har kalla Eurovision Song Contest 2016 den beste finalen gjennom tidene. Sigeren gjekk til ukrainske Jamala, framfor Australia og Russland. No er det Ukraina sin tur til å vise seg fram for Europa gjennom eitt av dei største tv-showa i verda.

Men draumen kan få ein brå slutt når 21 nøkkelpersonar i produksjonen seier opp stillingane sine i protest på grunn av ein personkonflikt i den ukrainske kringkastaren. Blant dei som går er produsenten og sikkerheitsansvarleg.

Loreen sammen med Christer Björkman på Arlanda flyplass

Christer Björkman (t.v.) produserte dei internasjonale finalane av ESC i 2013 og 2016. No er han henta inn for å få årets finale i hamn. Her er han saman med Loreen, som vann konkurransen i Baku i 2012.

Foto: Jansson, Leif R. / NTB scanpix

I Sverige er det Christer Björkman som har hatt ansvaret for å få finalen på lufta. Han er ingen kven som helst i Eurovision-sirkuset. I tillegg til å representere Sverige på heimebane i 1992, har han sidan 2002 vore artistansvarleg for Melodifestivalen, som er den svenske kvalifiseringskonkurransen til Eurovision Song Contest. Han er også delegasjonsleiar for Sverige i ESC. Og då konkurransen blei arrangert i Sverige i 2013 og 2016, var det han som produserte showet. No får han i oppgåve av EBU å redde årets arrangement.

Internasjonalt team

Björkman er midt oppe i avviklinga av årets finalar i Melodifestivalen når han får spørsmålet. Likevel seier han ja til jobben.

– her får vi brukt det vi har bygd opp i Sverige til å støtte og hjelpe andre land. Vi bygger merkevara frå den andre sida, så å seie. Det er positivt også for den svenske konkurransen, seier han i eit intervju med SVT.

Men då han måtte arbeide dobbelt med både Melodifestivalen og Eurovision Song Contest, fann han måtar å spare krefter på. Som å sove på flyturen mellom Sverige og Ukraina.

EBU har sett saman eit internasjonalt team som skal sikre at semifinalane og finalen kjem på lufta til over 200 millionar sjåarar i over 40 land.

– Nokre kjem frå Austerrike, nokre frå Ukraina, nokre frå Danmark og Sverige. Vi er ein pan-europeisk organisasjon. Vi skal ha ei blanding av dei som har gjort dette best, som kan konkurransen og som liker å gjere andre nøgde, seier Björkman.

SWITZERLAND-UKRAINE-RUSSIA-POLITICS-EUROVISION

Eurovisionsjef Jon Ola Sand sier det siste året har vore det mest krevjande i tida han har hatt ansvaret for konkurransen.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Dei som er med i teamet, har arbeidd med Eurovision Song Contest tidlegare, men Eurovision-sjef Jon Ola Sand vedgår at dei få månadane dei har fått saman, er i kortaste laget:

– Det er dramatisk at så mange nøkkelposisjonar forsvinn samtidig. Heldigvis fekk vi sett saman eit team som bygde vidare på arbeidet som var gjort. Men det er ikkje ideelt å kome inn så seint for å ta over arbeid andre har sett i gang. Det er alltid komplisert og vanskeleg.

Nasjonsbygging

For Ukraina var sigeren i fjor viktig. Eurovision Song Contest er ein sangkonkurranse som når langt ut. Med så mange sjåarar, har arrangørlandet ein eineståande sjanse til å marknadsføre landet sitt. For Ukraina var denne sjansen kjærkomen, etter år med uro og konflikt.

I 2014 blei den russiskvennlege presidenten Viktor Janukovitsj avsett etter demonstasjonar og opprør i hovudstaden Kiev. Det førte i sin tur til at russisktalande bebuarar på Krim, som støtta Janukovitsj, protesterte, og at Russland sende soldatar til Krim, og seinare annekterte halvøya. Og etter nesten tre år, er det framleis kampar aust i Ukraina.

Men etter sigeren i fjor, har det vore mange skjer i sjøen for både Ukraina og EBU. I tillegg til at sentrale personar i produksjonen brått forsvann ut dørene, har ukrainsk byråkrati og antikorrupsjonslover vore med å forsinke arbeidet med konkurransen. Tre månader før finalen sa Jon Ola Sand at alle deadliner var passert.

Kulturkrasj

Og no, like før det for alvor brakar laus i Kiev, seier Sand at dette har vore det mest krevjande året han har hatt i konkurransen.

– Dei siste åra har Eurovision Song Contest vore arrangert i land som har ein veldig effektiv og profesjonell arbeidskultur, som har passa bra med den korte tidslinja du har for å få konkurransen opp og stå. Det har vore annleis her. Det har vore stor entusiasme og interesse for prosjektet her, men det er vanskeleg å manøvrere eit så stort prosjekt i Ukraina. Det har vi verkeleg fått kjenne på.

MUSIC-EUROVISION/

Det er høg sikkerheitsberedskap rundt Eurovision Song Contest i år. Her er ein politipatrulje på ein t-banestasjon rett ved arenaen.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

For å få gjennomført konkurransen den neste veka, har EBU teke over alle kontraktar med store leverandørar og enkeltpersonar som ikkje er frå Ukraina. Grunnen er at desse vil ha betalt i euro, og det har gjort det komplisert dei ukrainske arrangørane.

I tillegg har EBU måtte legge press på det ukrainske byråkratiet for å få fortgang i prosessane i landet, seier Sand:

– Dei har gode lover her som skal hindre korrupsjon. Men det gjer det også komplisert fordi det er så mange involvert i kvar avgjerd rundt store investeringar, særleg når det gjeld statlege pengar. Så ting har teke tid, men no er vi her.

Historia som gjentek seg

Ukraina arrangerte Eurovision Song Contest også i 2005. Også den gongen skulle landet bruke finalen til å bygge ein nasjon, og få fart på turismen til landet. Men hausten og vinteren i 2004 skjer det politiske endringar i landet. Den såkalla oransjerevolusjonen protesterte mot den sitjande statsministeren Viktor Janukovitsj fordi dei meinte han dreiv med valfusk. Blant dei som støtta opposisjonen var den ukrainske Eurovision-vinnaren frå 2004, Ruslana. Etter den tredje valrunden mista Janukovitsj makta.

Men den politiske uroa sette heile Eurovision Song Contest i fare. I overgangsperioden frå det gamle til det nye regimet, stoppa alt arbeidet med å førebu finalen opp. Til slutt måtte den nyvalde presidenten, Viktor Jusjtsjenko, på banen for å redde arrangementet.

UKRAINE-UNREST-POLITICS-EU-RUSSIA-RUSLANA

Vinnaren av ESC 2004, Ruslana, støtta opposisjonen i Ukraina i 2004. Ti år seinare var ho på nytt med på demonstrasjonane som til slutt fekk Viktor Janukovitsj avsett.

Foto: YURIY DYACHYSHYN / Afp

I 2005 var Jon Ola Sand ein del av den norske delegasjonen. Han ser fleire parallellar mellom finalen den gong og arrangementet i år:

– Dei hadde mange av dei same utfordringane den gongen som dei har no, men dei har ein eigen evne til å kome i mål i siste liten. Også i 2005 måtte dei inn med eit heilt nytt team som følge av dei politiske omkalfatringane. Dei hadde kort tid, og det siste strøket med måling blei lagt rett før vi rykka inn på finalearenaen.

Storpolitikk

Forholdet mellom Russland og Ukraina er heller kjølig. Etter sigeren i fjor, kom det forslag om russisk boikott av årets arrangement. Og det var lenge uavklart om Russland kom til å delta i år. Men like før fristen gjekk ut i mars, blei den russiske deltakaren Julija Samojlova presentert.

Men ho stod på ei liste over russiske artistar som ikkje var velkomne i Ukraina, fordi dei hadde spelt på Krim. Og etter fleire rundar i det ukrainske byråkratiet, blei ho nekta innreise til Ukraina.

EBU prøvde å kome med eit kompromiss ved å tilby Samojlova å synge i finalen via satellitt, men det blei avslått av den russiske kringkastaren. Etter kvart enda det med at Russland trekte seg frå finalen, medan Samojlova er lova å få synge for Russland neste år.

Med denne konflikten på toppen av alt det andre, vedgår Jon Ola Sand at det har vore ei vanskeleg tid dei siste vekene:

– Eg synest det har vore vanskeleg fordi det har blitt så politisk. Vi prøver å unngå at det skal bli slik, men i år blei det vanskeleg fordi konflikten mellom Ukraina og Russland er så tilspissa.

– Går neppe utover showet

Catherine Baker ved universitetet i Hull er ekspert på historie etter den kalde krigen, og har blant anna forska på politikken i internasjonale hendingar som Eurovision Song Contest. Ho trur ikkje sjåarane vil merke stort til konflikten når tv-sendingane startar:

Catherine E. Baker

Catherine Baker trur ikkje konflikten mellom Ukraina og Russland vil påverke tv-sendingane denne veka.

Foto: Privat

– I og med at Russland ikkje deltek i år, blir konflikten med Ukraina mindre synleg for sjåarane. I 2014 og 2015 blei dei russiske deltakarane bua på som ein protest mot at Putin svekka retten og fridomen til lesbiske, homofile, bifile og transseksuelle i Russland. Eg trur vi hadde fått ein liknande reaksjon i år.

Og ho får støtte frå Morten Thomassen som er leiar i den norske Grand Prix-klubben. Han meiner det at Russland trekte seg, var det beste som kunne ha skjedd årets finale.

– Det at Russland til slutt trekte seg, etter at dei hadde fått all sympatien, var det beste for heile arrangementet. Eg tør ikkje tenke på kva som kunne ha skjedd den russiske artisten, uansett om ho hadde spelt på Krimhalvøya eller ikkje.

Fryktar ikkje støttemarkeringar

Det at Russland ikkje skal delta, kan likevel få konsekvensar for finalen laurdag. Dei siste åra har Russland vore eitt av dei landa som har gjort det best, og dei har fått mange poeng frå land som står dei nær. Men Jon Ola Sand fryktar ikkje det skal kome markeringar eller protestar på direktesendt tv.

– Vi har god kontakt med kringkastarane som er med, og som er med på å styre dette frå dei ulike landa som deltek. Eg trur ikkje det blir aksjonar eller markeringar rundt dette, men vi er sjølvsagt merksame på det, og held auga opne.

UKRAINE-EUROVISION/

Scenearbeidarane har jobba på spreng den siste månaden for å få scenen på finalearenaen ferdig til tv-sendingane.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Morten Thomassen trur det at Russland ikkje er med i år, kan kome andre deltakarland til gode:

– Det blir spennande å sjå om dei som tradisjonelt har gjeve Russland full pott, samlar seg om eit anna land. Det blir sagt at Bulgaria kan nyte godt av dette, og at dei kan gjere det betre enn venta i år fordi dei får stemmene Russland normalt ville ha fått.

Sjølv om det har vore mange problem, og mykje som har gått på tverke for arrangøren så langt, kjem finalen i Eurovision Song Contest i Kiev til å bli ein del av eit nasjonsbyggingsprosjekt i Ukraina. I løpet av tv-sendinga vil vi få sjå mange sider av arrangørlandet, som i dei ulike biletinnslaga som kjem før kvart deltakarland. Catherine Baker er difor spent på kva bilde Ukraina kjem til å gi av seg sjølv laurdag kveld:

– Kvart år sender arrangøren av Eurovision-finalen ut ein bodskap om arrangørlandet og plassen det har i Europa. Og då blir det interessant å sjå kva bodskap dei vil sende ut om konflikten til eit større publikum.

Inn i finaleveka

No verkar det som om ein er i rute i Kiev. Den siste veka har det vore sceneprøver og pressekonferansar med artistane. Og rapportane frå Ukraina går på at det meste no er i rute. Redningsaksjonen til EBU ser difor ut til å ha fungert. Tysdag og torsdag er det semifinalar, og laurdag kveld er det klart for den store finalen som skal kåre kven som skal vere vertsnasjon neste år.

Men når finalen er over, skal EBU også ha ei grundig evaluering av årets arrangement. Då skal dei blant anna gå gjennom det politiske bildet i Europa, konkurransereglane og vurdere om den ukrainske utestenginga av Russland skal få konsekvensar. I eit brev til den ukrainske statsministeren er EBU-sjef Ingrid Deltenre svært kritisk til måten Ukraina har handtert konflikten med Russland. Utestenginga av Julija Samojlova kan føre til at Ukraina ikkje får vere med neste år.

Uansett trur Björkman at arrangementet i år vil gi Ukraina ein etterlengta opptur:

– Det ligg ein nasjonal stoltheit i kulturen deira og det å få vere vertsnasjon. Det kjenner eg når eg er her. Dei ønsker verkeleg å gjere dette så bra som det går an. Vi er nokre ekspertar som har gjort dette før, og som ønsker å hjelpe Ukraina å oppnå måla sine. Det blir ei spennande og morosam oppgåve.