Tulipanar
Foto: FAYAZ KABLI / Reuters

Tulipanens triumf

Eksklusiv på 1500-talet, overalt i 2021. Difor er tulipanen stadig populær.

– Eg blei faktisk mistenkt for dop-smugling.

Ida Bronken er midt i ei utgreiing om tulipansortar då ho plutseleg skyt inn denne oppsiktsvekkjande opplysninga.

– Det må eg berre seie til folk: Ver førebudd.

Ho ler høgt ved tanken på det absurde minnet. Å vere lidenskapeleg opptatt av blomster har sine sider.

Etter at tulipansamlaren hadde bestilt nokre litt spesielle laukar, spreidde det seg ei søtleg lukt over postområdet i nærbutikken i Oslo. Narkopolitiet blei tilkalla og hundane sniffa seg målretta fram til Idas pakke. Etter nøye inspisering konkluderte dei med at dette var heilt lovlege blomsterlaukar. Då Ida endeleg kunne opne pakken, var han dekt med hundespor.

I hagen ved Holmenkollen dyrkar ho tulipanar for harde livet. Seks jordsekkar på trappa («vi hamstrar blomsterjord, ikkje dopapir») varslar om ei tulipan-interesse litt utanom det vanlege.

– Det er jo eit heilt strålande konsept. Eit reservoar av ein plante som ligg klar under jorda og skyt opp, så fargerik, så stor, på ei tid av året der dei fleste av oss er heilt utsvoltne, forklarar Ida.

Tulipanen står staut både i jorda, kulturen og banken. På 1600-talet kunne han koste ein gard. I dag kjøper nordmenn rundt 75 millionar i løpet av ein sesong. Kva er det med han?

Ida Bronken samlar på tulipanar

TULIPAN-SAMLAR: Enno er ikkje hage-tulipanane oppe av jorda. Ida Bronken kosar seg med ei eldgamal nederlandsk bok om tulipanar i mellomtida.

Foto: Javier Auris / NRK

John, Yoko og tulipanen

Tulipan tyder «turban» og kjem frå ei planteslekt i liljefamilien. Opphavleg vaks han opp i Asia og området rundt Middelhavet, men i dag finst han i hagar og vasar i heile verda.

Den kulturelle CV-en til tulipanen er usedvanleg sterk. Han er mellom anna observert i senga med John Lennon og Yoko Ono som fredssymbol, avbilda på vakre kunstverk og opphavet til namnet på ein revolusjon i Kirgisistan.

John Lennon, Yoko Ono og tulipanen

John Lennon, Yoko Ono og tulipanen i fredsdemonstrasjon i senga, 1969. Her blei låten «Give peace a chance» spelt inn.

Alicia Vikander

Filmen «Tulipmania» kom ut i 2017 og har svenske Alicia Vikander i hovudrolla. Handlinga går sjølvsagt føre seg i 1600-talets Nederland.

Jeff Koons med tulipanskulptur

Kunstnaren Jeff Koons og den tolv meter høge skulpturen «The Bouquet of Tulips». Buketten er ein hyllest til menneska som blei drepne i terrorangrepa i Paris, 2015, og skal symbolisere kjærleik.

The Monn Keys

Pop-slageren «Tulipaner fra Amsterdam» kom først ut på tysk, men blei seinare populær i norsk versjon ved The Monn Keys; frå venstre Arne Bendiksen, Sølvi Wang, Per Asplin & Oddvar Sanne.

Som med alle blomstrar handlar tulipanen om augneblinkens magi, men du får vere med på reisa mot magien. Der ei rose er i full blomstring når du kjøper ho og sakte kryp nærmare døden, gir tulipanen oss gåva av liv – ved å folde seg ut framfor augo på oss. Med sine mange lag er han dessutan djup, samtidig som han er ekstremt vakker å sjå på. Den perfekte partnar?

Ikkje langt unna, meiner Ragnhild Brochmann, kunst- og motekultur-historikar og spaltist i Morgenbladet. Ho skildrar tulipanen som ein «konstant slager», og trur nettopp hans avslappa vesen er ein del av suksessen.

Ragnhild Brochmann

ESTETIKAREN: Ragnhild Brochmann har eit godt forhold til tulipanen. Ho svarar folk på stort og smått om estetikk i ein spalte i Morgenbladet.

Foto: Birgit Solhaug

– Der rosa er ei rigid, utilnærmeleg tante med piggane ute, er tulipanen den kule fetteren som er trygg på seg sjølv. Ein blir kjent med tulipanen på ein heilt annan måte i tida han står, og mange vil kjenne seg meir dus med han av di han er allsidig. Han er stram og sanseleg, vilter og blyg, noko som passar dagens menneske godt.

Når tulipanen rular på salslistene, handlar det likevel ikkje berre om hans trygge haldning. Han er også den mest praktiske i blomsterkollektivet.

– Ein bukett bør kunne pakkast enkelt, han må halde seg lenge, og kunne tilpasse seg ulike inneklima, forklarar Brochmann.

Bingo! Medan ein del andre blomstrar er skjøre og vanskelege å frakte, er tulipanen ein hardhaus som toler det meste.

For mange er det også den rike historia som lokkar. Lat oss som Henrik Ibsen skrelle av eitt og eitt lag av lauken til vi kjem til den inste kjernen.

Tulipaner (illustrasjon: Kaya Gach / Shutterstock / NTB)

Tulipanen går i land

Når du held ein tulipan i handa, held du ein liten flik av europeisk kultur- og økonomihistorie.

Hausten 1562 seglar eit skip frå Istanbul, over Middelhavet, gjennom Gibraltarstredet og opp til Antwerpen. Hamnebyen ligg på dette tidspunktet i Nederland.

Med på ferda er varer til ein kjøpmann, men også nokre blindpassasjerar. Inne i ein tekstilbylt ligg nemleg ein liten ladning tulipanlaukar. Kjøpmannen som pakkar opp varene anar ikkje kva det er han ser, dette har ikkje han bestilt. Er det ein raudbete, eit eple, tenkjer han kanskje, for på denne tida er plantar mest brukt som mat og medisin i Europa. Difor krydrar han nokre av laukane, grillar dei i litt olje, og et dei til middag. Heldigvis er han såpass framsynt at han plantar nokre i jorda også.

Uansett om seljaren har sendt med tulipanlaukane ved ein feil eller som ein bonus, så stikk dei første tulipanane hovudet opp i Nederland våren 1563. Kjøpmannen som forventa seg eit nytt middagsmåltid, får seg ei overrasking, og ryktet om den fantastiske blomsteren spreier seg raskt. Ein av dei som høyrer ryktet skal seinare bli kalla tulipanens far: Carolus Clusius.

Clusius er utdanna jurist, men har eit hjarte for blomstrar og plantar. Han bikkar 60 år før han, tannlaus og jobblaus, får sjansen til å gå inn i plantehistoria som sjef for den første botaniske hagen i Nederland. Før «botanikar» er eit yrke, spreier han plantekunnskap i Europa gjennom reiser, katalogisering, studiar og, ikkje minst, hyppig brevskriving. Gjennom livet skriv han heile 4000 brev til fjern og nær om emnet. Dessutan har han ein finger med i spelet når ein nordmann får med seg tulipanlaukar heim.

Carolus Clusius

MED KJEFTEN LUKKA: Carolus Clusius (1526-1609), den første botanikar.

Foto: Heritage

Clusius bidreg også til tulipanens utbreiing på ein ufrivillig måte. Hagen hans blir nemleg ein populær destinasjon for tjuvar. Ein lauk eller ein plante blir tatt her og der, sådd i nye hagar, og så veks det nye laukar ut av moderlauken, som igjen kan seljast eller flyttast til ein ny hage.

Dette er starten på oppturen til tulipanen. Vi skal lenger opp – før det heile bryt saman.

Symbolet blir til

I kolonimakta Nederlands gullalder finst det mange rikingar som er opptatt av vakre ting. Dette gir god grobotn (kremt) for tulipanens popularitet, både som plante, men også på lerretet. På 1600-talet byrjar nemleg målarmeistrane å måle tulipanen blant vasar og frukt. Måleria, kalla stilleben, blir raskt populære og bidreg til tulipanens vidare mytespinning. Balthasar van der Ast, stilleben-meisteren, måla den mest eksklusive tulipanen av dei alle, raudstripete Semper Augustus.

Her er vi tilbake i hagen ved Holmenkollen i Oslo, for Ida Bronken har faktisk klart å attskape fleire av dei eksklusive, historiske tulipanane. På auksjon og i spesialforretningar er det mogleg å få tak i laukar som har overlevd sidan 1600-talet.

Stripete eldre tulipanar
Foto: Ida Bronken/Andreas Pauly

– Eg kjem jo aldri til å få råd til måleriet, men no kan eg kose meg med tulipanen her heime. Og sidan han har overlevd mange hundre år, så er det kanskje ein litt større sjanse for at han skal overleve hos meg også.

Slik kan ho gå rundt i sitt eige private museum når ho ikkje er på jobb – som målerikonservator på Nasjonalmuseet.

– Tulipanane har ein heilt ekstrem variasjon fordi vi som menneske har valt å dyrke fram rarare og rarare sortar med frynser, krøllar og striper. Det er fascinerande, seier Ida.

Ho hjelper oss dermed med å skrelle av neste lag i historia. No går tulipanen frå å vere ein plante til å bli eit symbol, ei vare og etter kvart, ein aksje.

Tulipaner (Illustrasjon: Iryna Rogova / Shutterstock / NTB)

Tulipanmani

Tulipanfeberen spreier seg i Nederland. I ein slags 1600-talets «Exit» er tulipanlauken aksjen som kan gi feit forteneste.

Alt som skal til for å skape ei finansboble, er til stade:

  • Etterspurnaden er større enn tilgangen.
  • Det blir etablert marknadsplassar og eit prissystem for laukane.
  • Den stigande, unaturleg høge prisen reflekterer ikkje den reelle verdien.
  • Rasjonelle argument blir oversett.

Kjøpekrafta er sterk hos det nederlandske folket. Sidan rikfolket traktar etter dei mest eksklusive typane, har seljarane igjen meir rimelege sortar til arbeidsfolk. Prisane blir fastsett etter vekt, etterspurnad og tilgang. For dei sjeldnaste typane stig prisane til det absurde, for eksempel må ein ut med 10.000 florinar for ein Semper Augustus, noko som tilsvarar verdien av 33 mindre byhus eller 50 årsløner for en prest.

Semper Augustus
Foto: Norton Simon Museum / Wikipedia Commons

Resultatet av prisgaloppen er at folk byrjar å handle med pengar som dei ikkje har, medan seljarane sel laukar som enno ligg i jorda, lenge før ein veit om dei blomstrar. Kjøparen risikerer dermed å stå igjen utan sjølve verdien, medan seljaren risikerer søksmål (som det blir mange av, etter kvart).

Når folk er villig til å ofre så mykje for ein plante, er det fordi lauken representerer eit betre liv. Dei trur at nettopp dei skal sitte igjen med den største gevinsten, fordi det alltid er ein annan idiot dei kan selje til for høgre pris. Denne mekanismen har fått namnet «The Greater Fool Theory». Som i ein stolleik handlar det om å sette seg før naboen. Tulipanlaukane skiftar hender mange gongar om dagen.

Tulipan-manien

GALSKAP: Tulipanmanien oppsummert i karikaturen «A satire of tulip mania», der menneska spring rundt som apar med blomsterlaukane sine. Av Jan Brueghel den yngre rundt 1640.

Foto: Art Images / Art Images via Getty Images

Det finst ingen safe bet, det blir klart ein februardag i 1637 då tulipanen skapar verdas første børskrakk.

Seljarane set sin pris, men ingen byr. For kvar time søkk laukprisane, ryktet og panikken breier om seg. Plutseleg er tulipanlauken så å seie verdilaus. Ein av dei som går på ein smell, er den kjente landskapsmålaren Jan van Goyen, som spekulerer i tulipanlaukar. Han klarer aldri å betale ned gjelda si.

Men vent, kvar var det skipet med blomsterlaukane først kom frå? Vi må ta oss sjølve i nakken her, eurosentrikarar.

Tulipaner (Illustrasjon: vector_ann / Shutterstock / NTB)

Tulipan og taco

Søkjer ein opp Nederland i Store Norske Leksikon, blir ein møtt av tulipanar på rekkje og rad. Men historia om tulipanen starta jo ikkje i Europa, på same måten som taco ikkje eigentleg er ein norsk matrett. Allereie rundt 1250 blei det dyrka tulipanar i hagar i Persia, og deretter var det tyrkarane som byrja å foredle han. Tulipanens suksesshistorie har difor ein undertone av kolonisering – som så mykje anna.

Kunst- og motekultur-historikar Ragnhild Brochmann set det heile i kontekst:

– Det er klart at tulipanen ikkje har tapt på å bli assosiert med eit lite, i periodar ekstremt påverknadssterkt, land som Nederland. Eit fenomen får veldig ofte global farge av der det blir dyrka mest intensivt, og ikkje minst, der ein skapar ein økonomi og ein kultur rundt det.

Ho samanliknar tulipanen med paisleymønsteret, som britane tok med seg frå India og tilbake til Storbritannia. Mønsteret, som opphavleg heitte «buta», fekk brått namn etter den skotske fabrikken der det blei masseprodusert, og frå no av heitte mønsteret berre det.

Det er likevel ikkje nederlandske tulipanar du kjøper i butikken her heime, men norske. Lat oss vende tilbake til bergensaren som fekk ein lauk i posten av Carolus Clusius.

Den norske tulipanen

Legen Henrik Høyer frå Bergen er nemleg ven med gode, gamle Clusius, han som hadde tjuvar i tulipanhagen, men ingen tenner. På besøk hos nederlendaren får Høyer med seg tulipanlaukar tilbake til den regnfylte vestlandsbyen. Våren 1597 kan Høyer fortelje i brev til kameraten at tulipanane blomstrar i Noreg.

Her byrjar historia til den norske tulipanen. Der tulipanen allereie har rukke å bli allemannseige i Nederland, blir han sett på som sjeldan og eksklusiv i Noreg. Han kjempar seg opp igjen, og på 1800-talet byrjar ein ny fase i hans liv. Industrialisering fører til at menneska flyttar inn til byane og det oppstår eit behov for å ta med naturen inn. No dukkar dei første norske blomsterbutikkane opp, og her er tulipanen med.

Likevel er det først etter 2. verdskrigen at tulipanen trer inn i den norske kvardagen. «Nå er det tulipantid. Husk at blomster hver uke gir trivsel hver dag. La derfor familien få oppleve hvilken glede det er å ha en fargesprakende tulipan-bukett på middagsbordet og i stuen,» står det i annonsar i norske aviser i 1962.

Her er det verdt å merke seg at i norsk samanheng har tulipanen ei spesiell rolle. Der roser stort sett er importert, er rundt 90 prosent av tulipanane vi kjøper i butikkane dyrka av norske gartnarar. Berre ein liten del kjem som import frå Nederland.

Rundt år 2000 blir det vanleg med tulipanar også i norske matbutikkar. Dette er ein nøkkel til tulipanens suksess i det store «vere inne»-året 2020–21. Der han først var populær fordi han var eksklusiv, er han no populær fordi han er tilgjengeleg.

Kvinner protesterer med tulipan i Kviterussland

FREDSSYMBOL: Raudkledde kvinner løftar tulipanen i været i protest mot presidentvalet i Kviterussland, mars 2021.

Foto: AFP

På blomsterauksjonen

Det tok litt tid før tulipanen stod fram som pandemi-vinnar. 12. mars 2020 stoppa blomstermarknaden, i likskap med resten av verda, opp.

Coen Verspeek er tulipan-ekspert ved verdas største blomsterauksjon, Royal Flora Holland. Han forklarar kva det var som skjedde:

– Blomstermarknaden er drive av augneblinken. Når forholda rundt er gode, kan du tene pengar. Når butikkane er stengt og folk ikkje kan besøke kvarandre, er marknaden dårleg, fortel han.

Coen Verspeek

Våren 2020 viste nederlandsk TV bilete av store lager med tulipanar som blei kasta rett i søppelet. Gartneria hadde produsert for ein vanleg sesong, men fekk pandemien rett i fleisen.

Problemet er at sjølv om marknaden er drive av augneblinken, tar det år å dyrke ein tulipan. Lauken tar lang tid å foredle, deretter skal planten vekse opp i eit drivhus. Gartneria må planleggje sesongens avling år i forvegen.

Likevel har tulipanen lagt bak seg ein svært god sesong i 2021. Kva var det som skjedde?

Jo, litt etter litt kom samfunnet delvis i gang igjen. Total nedstenging blei til halvvegs nedstenging. Og kva var det vi ynskte oss der vi sat og stira inn i dataskjermen, såg ut på den same gata kvar dag, drøymde oss tilbake til vårt gamle liv og glodde på støvet bak kjøleskapet eller haustkleda som burde pakkast ned i boda?

Vi. Trengde. Blomster. Inne. I. Huset.

Legg til mange høgtider komprimert på kort tid (for eksempel morsdag og Valentines på same dag), og resultatet er at butikkane kjempar om dei siste tulipanane for sesongen.

– Etterspurnaden har vore så høg at butikkar ber om å utvide sine eigne bestillingar med opptil 50 prosent. Eg seier til gartneria at dei må nyte dette året, men ikkje tru at dei får oppleve desse prisane igjen, seier Verspeek.

Tulipan-auksjon i Amsterdam

BLOMSTERAUKSJON: Blomster i bøtter og spann hos auksjonshuset Royal Flora Holland. Tulipanen er den nest mest populære blomsteren, berre slått av rosa.

Foto: EMMANUEL DUNAND / AFP

Coop og Mester Grønn, to av storseljarane i Noreg, melder om ein liten auke og bekreftar at det har vore vanskeleg å få tak i større kvanta for å dekkje populariteten. Her kjem vi tilbake til paradokset mellom ein marknad drive av augneblinken og ein seig plante. Heller ikkje når det går godt, kan du trylle fram fleire tulipanar.

– I ein sesong har du ein viss mengde tulipanar som du har planta året i førevegen, og avhengig av etterspurnaden, går prisen opp eller ned på desse, konkluderer Verspeek.

Status 2021 er at tulipanen fortsatt har glansen av den gamle historia, samtidig som han sel i bøttevis. Som den våte draumen til ein omdøme-ekspert klarer tulipanen stadig å halde seg relevant.

Akkurat no, idet bukettsesongen er over, skyt hagetulipanane opp over det noko mindre solfylte landet Noreg.

Tulipan på veg opp av jorda

SJÅ: Tulipanen er på veg opp i hagen til Ida Bronken.

Foto: Javier Auris / NRK

I hagen ved Holmenkollen sit Ida Bronken på overtidsbenken sin, betalt av hard jobbing, og ser fram til årets avling. Ho er spent på kva tulipanar som greier seg til sesong tre og fire. Steller ein riktig med tulipanlauken, kan han nemleg kome igjen år etter år, men som for produsentane av ein TV-serie, er det vanskeleg å få fornya tillit.

Ida kjenner på ansvar for å halde dei eldre, sjeldne tulipanane i live.

– Eg kjøper dei jo for å behalde dei. Det er ei heilt genial investering; å gå og glede seg heile vinteren og vite at dei sannsynlegvis dukkar opp til våren.

Tulipanen jobbar under jorda. Alltid med mål om å vere mest populær i klassen.

Ida Bronken i hagen

SNART VÅR: Håpefull Ida.

Foto: Javier Auris / NRK

Bakgrunnskjelder: Lasse Køgel (pensjonert botanisk gartnar), Gartnerforbundet, Nasjonalbibliotekets historiske avisarkiv, Store Norske Leksikon, Britannica, forskning.no, Aftenposten og bøkene «Tulipomania. The story of the world’s most coveted flower & the extraordinary passions it aroused» av Mike Dash og «Den fantastiske blomsten» av Marie Hansson.

Anbefalt vidare lesnad:

Hei!

Har du tilbakemeldingar eller tips til nye kultur-saker? Om du likte det du las, kan du sjekke ut nokre av mine andre saker, som for eksempel «Spelet om Munch» og «Mannen som revolusjonerer Vogue».