Hopp til innhold

– Ikkje bra at vi må flytte frå asylmottaket

Bebuarane på asylmottaket på Volsdalsberga i Ålesund har fått beskjed om at dei må flytte. Dei deler skjebne med bebuarar på 17 norske asylmottak som UDI vil legge ned. Reaksjonane er sterke.

Familien Jumaa Khalid Hamed

Her er pappa Jumaa Khalid Hamed saman med dei to borna sine. Sju år gamle Shajwan i midten.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Shajwan Jumaa Khalid (7) bur på asylmottaket på Volsdalsberga i Ålesund. Ho går i andre klasse på Larsgården skole like ved. Dei siste dagane har vore tunge og ho har halde seg heime.

Shajwan Jumaa Khalid

Shajwan Jumaa Khalid (7) har fått mange gode vener på Larsgården skole i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Jumaa Khalid Hamed

Det var tungt for Jumaa Khalid Hamed å fortelje familien sin at dei må flytte.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
– Eg har mange, mange vener på Larsgården skole. Men no seier dei til meg at vi skal flytte til ein annan stad. Det er ikkje bra, seier Shajwan til NRK.

– Byrja å gråte

Familien på tre har flytta svært mange gonger på kort tid. Vedtaket om å legge ned asylmottaket opprører også mor og far til Shajwan.

– I går fortalde eg henne om utviklinga. Ho byrja å gråte. Ho klarte ikkje å gå på skulen i går. Ho er svært lei seg, seier pappa Jumaa Khalid Hamed.

1500 plassar forsvinn

Det er UDI som har bestemt at 17 asylmottak skal leggast ned frå sommaren. Til saman forsvinn nesten 1500 mottaksplassar. Nedleggingane har vore planlagde lenge, men er blitt utsett for å unngå av bebuarane må flytte midt i eit skuleår, melder Utlendingsdirektoratet.

Fredag var det informasjonsmøte for bebuarane på asylmottaket på Volsdalsberga i Ålesund. Fleire bebuarar var både sinte og frustrerte over det dei fekk høyre. Det bur over 170 asylsøkjarar i dei gamle studentbustadane på like med Color Line Stadion.

50 av desse asylsøkjarane er klare for å bli busette i ein kommune. Men 120 av dei går ei uviss framtid i møte.

– Det er spesielt tungt for dei som har familie og for dei som har fått nære kontaktar i området. Og dei veit ikkje ein gong kvar dei skal flytte, seier mottaksleiar Peter Vonstad.

Asylmottak Ålesund

Asylmottaket ligg i denne blokka på Volsdalsberga i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det blir nesten ein vane

Aqeel Hussein bur også på mottaket. Han kan så mykje norsk at han fungerer som tolk på informasjonsmøtet. Han er verken overraska eller sjokkert over at han må flytte.

Dette har omtrent blitt normalt for meg, for å vere heilt ærleg. Eg har flytta 14 gongar frå stad til stad i eitt år og fem månader, seier Hussein.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL