Hopp til innhold

Avansert skip blir levert frå VARD til Røkke

Vard har inngått ein kontrakt om bygging av eit avansert forskings- og ekspedisjonsskip.

Montasje av forskingsskipet

Slik skal det nye forskings- og ekspedisjonsskipet som VARD skal levere sjå ut.

Foto: VARD/Rosellinis Four-10

Det er Kjell Inge Røkke og familien hans som eig Rosellinis four-10 og som har tinga skipet.

Skipet er utvikla av Vard Design i Ålesund, i tett samarbeid med Kjell Inge Røkke og teamet hans, samt designaren Espen Øino.

Skroget blir bygd ved Vard Tulcea i Romania og blir utrusta ved Vard Brattvaag i Haram.