Hopp til innhold

Blir bonden sjuk kan beredskapen mangle

Det er ikkje sikkert at avløysaren eller landbruksvikaren står parat om bonden blir sjuk, dersom avløysarordninga blir svekka eller forsvinn.

Rune Sjåholm

Dagleg leder i Landbruk Nordvest Rune Sjåholm åtvarar mot at ein viktig beredskap for bonden kan forsvinne.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Avløysarordninga, som er ein viktig beredskap for bøndene, kan bli svekka eller stå for fall, seier dagleg leiar i Landbruk Nordvest, Rune Sjåholm.

Regjeringa vil gje bøndene meir fridom ved å avvikle ordninga med avløysartilskot. I staden foreslår dei i Jordbruksmeldinga å samle tilskota i ein større pott som bonden sjølv har fridom og makt over.

Bøndene skeptiske

Men bøndene sjølv åtvarar mot ei avvikling dei trur vil få til konsekvens at dei prioriterer ned ferie og fritid.

Les også: Bøndene dårlege på å prioritere fritid

Rune Sjåholm fryktar at heile verksemda til Norske Landbrukstenester blir omogleg å halde fram med om avløysartilskotet forsvinn.

– Vi treng ein basis for denne velferdsordninga og tilskotet frå staten er basisen. Sjåholm samanliknar med Tine, der basisen er mjølka og mjølkeprisen og faktureringa på toppen som samla gjev grunnlag for satsing.

Vi manglar ein slik basis om tilskotet forsvinn. Dette er eit skjerma tilskot, seier Sjåholm, ikkje avhengig av verken EØS, EU, Gatt eller WTO. Tilskotet handlar om velferd og er eit trygt tilskot.

– I praksis vil beredskapen, som bonden er heilt avhengig av når han eller ho treng fri eller blir sjuk, vere vekke. Da fjernar vi heile grunnfjellet.

Les også: Avløserordninga har også tidlegare vore under press