Hopp til innhold

Erna-kjolen er overlevert

Erna-kjolen er no på veg til Ulsteinvik etter at Beate Mjøen Berg fekk henta den hos Statsministeren tidlegare i dag.

Statsminister Erna Solberg overleverte ein av kjolane sine til Beate Mjøen Berg i Ulstein sokn torsdag. Kjolen skal vere ein del av kjolerullingsaksjonen til inntekt for ny kyrkje.

Erna Solberg leverer kjole til Beate Mjøen Berg i Ulstein sokn. Foto: Svein Arne Orvik/Ulstein solkn

NRK skreiv tidlegare i dag om at Erna Solberg ba om hjelp via Facebook for å få levert ein kjole til Ulstein sokn sin kjolerullingsaksjon.

Ulstein sokn arbeider for å skaffe pengar til bygging av ny kyrkje og stuntet med å skaffe kjendiskjolar for å selje dei til inntekt for kyrkja er eit tiltak som ei kvinnegruppe i KFUK/KFUM i Ulstein har sett i gang.

Auksjon laurdag

Kjolane skal auksjonerast under eit arrangement i Ulsteinvik laurdag.

Etter at Ulstein sokn har hatt kontakt med kontoret til Statsministeren i løpet av dagen vart det avtalt at Beate Mjøen Berg, som arbeider som barne- og ungdomsarbeidar i soknet, skulle hente kjolen hos Erna Solberg.

Mjøen Berg fortel at det var stas å kome til statsministeren sitt kontor på ein heilt vanleg torsdag. I følgje Mjøen Berg fortalde Statsministeren at kjolen har vore brukt offentleg ved fleire høve.

Erna Solberg overleverer kjole

Erna Solberg viser fram og overleverer ein av kjolane sine til Beate Mjøen Berg frå Ulstein sokn i dag.

Foto: Svein Arne Orvik / Ulstein sokn