Hopp til innhold

Bodil har fått nok av desse båtane

Bodil Saunes i Ulstein seier ho ikkje lenger kjenner seg fri, etter at ho har fått to offshorefartøy som næraste nabo. Der kan dei bli liggande i årevis.

Naboklage på båter i opplag

Det er utsikta til desse båtane som skaper problem for Bodil Saunes. Bildet er tatt frå naboen si tomt, som ligg nærast.

Krisa i oljenæringa gjer at over 100 båtar ligg i opplag langs heile kysten. I Ulstein ligg to offshorefartøy lagra rett utanfor huset til Bodil Saunes.

– Kvar dag vert eg minna om at nokon kan sitte og sjå rett i heimane våre. Eg har følelsen av å ikkje vere fri, seier Saunes. Først låg dei to båtane der i eitt år, så bad eigarane om eit nytt år, og nyleg kom søknaden om 3,5 år til.

Saunes forstår at det er ein vanskeleg situasjon for næringa, men synest ikkje det er akseptabelt at båtane skal ligge der.

– Det har ikkje berre med innsyn på tunet og privatlivet å gjere. Vi mister også utsikta, seier Saunes.

Bodil Saunes

Bodil Saunes forstår at offshorenæringa er i ei krise, men likar ikkje at skip i opplag skal ligge rett utanfor huset hennar.

Foto: privat

Meiner det er avtalebrot

I eit brev til Borgstein, som eig området, skriv ho at familien har halde til på garden i Ulstein på Sunnmøre i over 400 år, og at ei av føresetnadene for sal av området var at det ikkje blei sett opp bygningar og installasjonar i ei slik høgde.

No skuldar ho den nye eigarane for å bryte avtalar, og kommunen for å vere eit slags sekretariat for Borgstein og har bedt fylkesmannen om råd.

– Vi har i alle år hatt ein tinglyst avtale om makshøgde i strandsona, seier Saunes.

Manglar oppdrag

Jostein Kiperberg i Borgstein, seier han forstår at naboane likar dårleg utsikta.

– Det er forhold utanfor vårt område som gjer at båtane vert liggande. Det er ikkje arbeid å finne til dei og dermed må vi ha dei liggande, seier Kiperberg. Sidan Borgstein disponerer dette området saman med dotterselskapet Island Offshore, synest han det er naturleg at båtane ligg der.

– Dersom det dukkar opp arbeid i marknaden, er det klart at båtane vert tekne ut av opplag straks, seier Kiperberg.

Krev erstatning

Bodil Saunes har no varsla Borgstein om erstatningskrav for plager og verdiforringing av tomtene. Men aller mest håper ho at båtane forsvinn.

– Eg håper at selskapet finn ei løysing og at båtane kan bli plasserte på ein meir gunstig plass, slik at vi slepp å ha dei i strandsona vår, seier Saunes.

29. juni avgjer Ulstein kommune om båtane får dispensasjon til å ligge i området.