Hopp til innhold

Samla full søppelsekk med plast i fjøra på ein halvtime

Sissel Arhaug Basso (45) frå Giske brukte litt over ein halvtime på å plukke ein diger søppelsekk full av plast i fjøra. No håper ho andre vil bruke helga til å gjere det same.

Plast frå fjøra på Valderøya

Alt dette fann Sissel Arhaug Basso på Giske då ho rydda i fjøra fredag. Ho seier ho raskt kunne fylt mange sekkar til.

Foto: privat

Det vekte stor merksemd då forskarar nyleg fann over 30 plastposar og store mengder mikroplast i magesekken til ein død kval.

Fredag gjekk Sissel Arhaug Basso tur i fjøra rett nedom huset på Giske, og samla i løpet av kort tid ein søppelsekk full.

Sissel Arhaug Basso

Sissel Arhaug Basso frå Giske håper det kan bli ein vane å ta med ein plastpose på tur, slik at ein kan plukke litt kvar gong.

Foto: privat

– Der er alt frå kaffiglas, til vanlege plastposar, kakeboksar og pølsepakkar, seier ho.

Brukte fem minutt på å fylle ein sekk i fjøra på Skjong på Valderøya, skriv Grethe Nordstrand til NRK laurdag formiddag.

Trur folk treng påminning

Fredag kveld la Basso ut eit bilde av plasten ho fann på Facebook, og bad vener og kjende som har lyst å gjere som henne, om å dele bildet.

Eg trur folk vil bidra og treng ei lita påminning, seier ho og fortel at nyheita om kvalen med plasten i magen var ein ny vekkjar for henne sjølv.

Les også:

Meir plast enn fisk i havet

Søppel frå Blimsanden

Dette søppelet fann Sara Ytterland på Blimsanden i Giske fredag. Ho er ei av dei som sporenstreks tok utfordringa.

Foto: privat

Søppelet i havet er eit stadig aukande problem og i 2050 ventar forskarar å finne meir plast enn fisk i havet, viser ein rapport frå stiftinga Verdas økonomiske forum.

Havforskingsinstituttet melde fredag at det er funne store mengder plast i havet, og spesielt utanfor kysten vest for Ålesund.

Søppelet får store konsekvensar for det marine livet.

Les også:

Fleire skal ut i helga

Innlegget til Sissel Arhaug Basso har fått mange likes og kommentarar på Facebook, og fleire har allereie sagt dei vil følgje oppfordringa om å vere med å samle plast i helga. Det syns Basso er flott.

No håper ho at ikkje berre hundeeigarane gjer det til ein vane å ha ein plastpose i lomma på tur.

Også eg kan bli flinkare til å ta med ein vanleg plastpose når eg går på tur, slik at eg kan gjere litt heile tida. Det skal ikkje så mykje til dersom alle bidrar litt, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL