Hopp til innhold

Krev større oppvask etter Bingsa-skandalen

Gjentekne brot på arbeidsmiljølova, mange millionar i økonomisk feilrapportering og klare brot på innkjøpslova. Renovasjonsanlegget Bingsa har blitt ei sur sak for Ålesund kommune, fredag kom sinte politikarar til orde.

Delar av formannskapet

Grei stemning i forkant av informasjonsmøtet, men Øystein Tvedt (H), Kirsti Dale (Sp), Hans Kjetil Knutsen (Ålesundslista) og Geir Stenseth (Frp) var sjokkerte og knallharde krav etter kommunerevisjonen sine funn om Bingsa.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Kommunerevisjonen har gått ut i harde ordelag om drifta ved det kommunalt drivne anlegget Bingsa. Etter ei rekkje medieoppslag frå Sunnmørsposten blei det til slutt kalla inn til eit ekstraordinært møte for formannskapet.

– Dette er alvorlege saker som er bra kjem fram, slik at vi kan få gjort noko med det, opna Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap).

Ordførar og rådmann

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) og rådmann i Ålesund kommune Astrid Eidsvik før formannskapsmøte om Bingsa.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Sinte ålesundspolitikarar pressa fram møtet etter å ha fått informasjon om dei mange avvika gjennom media. Ordførar og varaordførar i Ålesund fekk informasjon om saka frå kommunerevisjonen 31. mars, før rådmann Astrid Eidsvik 7. april var i møte med kontrollutvalet i kommunen. Planen var at saka skulle opp i bystyret 11. mai.

– Det som er avdekt av kommunerevisjonen inneber at vi ikkje har god kontroll og styring ved Bingsa. Det er det berre å anerkjenne, sa Eidsvik til forsamlinga.

– Betydeleg over vernegrensa

Kommunerevisjonen har gått bakover i tid og sett både på overtidsbruk, økonomisk rapportering og bruk av eksterne selskap.

Ei spent samling politikarar fekk høyre personalsjef Roar Reiten gå gjennom massiv overtidsbruk, innkjøpssjef Jonny Indrevåg greie ut om dei ulovlege innkjøpa som er gjort ved Bingsa, og økonomisjef Ole Kristian Arntsen gå gjennom økonomien i Bingsa.

Roar Reiten

Personalsjef Roar Reiten fortalde om bakgrunnen for den massive overtidsbruken ved Bingsa.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Ser vi isolert sett på 2016 er det betydelege overskridingar av vernegrensene i arbeidsmiljølova. Det same finn vi i 2013 og 2014, sa Reiten.

– Tenestene som har blitt utført har vore naudsynte. Så langt eg kjenner til er prisen på tenestene som er gjort tilsvarande marknadspris. Så dette har ikkje lasta kommuneøkonomien spesielt, sa Indrevåg om avtalen med OK Entreprenør – som alle var tydeleg på bryt innkjøpslova.

– Bingsa har tradisjon for å fakturere heilt på slutten av året. Det har gjort det vanskeleg for oss å sjå korleis dei har jobba med resultatet sitt. Tidlegare år har dei fått fakturert det dei skulle på slutten av året, og det har gått bra, og vi hadde trua på at det skulle gå bra i 2016 også, sa Arntsen.

Jonny Indrevåg

Innkjøpssjef Jonny Indrevåg var tydeleg på at avtalen med OK Entreprenør på 23,9 millionar var brot på innkjøpslova.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Krev oppvask

Det har derimot ikkje gått bra. Bingsa hadde eit meirforbruk på 15,9 millionar i fjor, og økonomiavdelinga i Ålesund har måtta reversere feil frå 2015-budsjettet til minus i 2016-budsjettet. Bingsa manglar skriftlege kontraktar på fleire store millionavtalar, i tillegg til at overtidsbruken har nærma seg 300 timar per tilsett per år.

– Det både er kravd og forventa oppvask. Vi kan ikkje berre seie beklage og gå vidare, dette er altfor alvorlege overtramp, sa politikar Hans Kjetil Knutsen frå Ålesundslista.

Hans Kjetil Knutsen

Hans Kjetil Knutsen var ein av fleire som stilte krav om oppvask rundt Bingsa.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kommunerevisjonen har gått bakover i tid og funne ei smørbrødliste med avvik. Politikarane i Ålesund var glade for informasjonsmøtet, no ligg saka i kontrollutvalet. Rådmann Eidsvik seier arbeidet frå revisjonen er svært viktig at Ålesund kommune no hindrar at liknande skjer i framtida.

– I tillegg til å ha større fokus for å avdekke kva som faktisk har skjedd, så er det også viktig for meg å ha fokus på å hindre at dette skjer igjen. Ikkje berre på Bingsa, men også i den andre kommunale verksemda vår, seier rådmann Eidsvik.

Større avsløringar

Sjølv om det er kommunalrevisjonen som har funne avvika og lovbrota ved Bingsa, er det klart at saka har fått stor merksemd etter oppslag i Sunnmørsposten.

Det opna med eit brev frå revisjonen til Ålesund kommune om at kommunen hadde brote arbeidsmiljølova på Bingsa, følgt av større brot på lova om offentlege anskaffingar og ulovleg overtid. I tillegg kjem rot med rekneskap.

Etter Sunnmørsposten sine avsløringar om renovasjonsanlegget inviterte formannskapet i Ålesund kommune til ei framskunda informasjonsmøte om Bingsa fredag 21. april.

Delar av formannskapet i Ålesund

Delar av formannskapet i Ålesund kommune under informasjonsmøtet fredag.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK