Ein britisk gatekunstnar har inspirert oss, fortel Kristine Hareide til NRK. Elevane har skore ut sjablongar og funne motiv frå teikneseriar og barne-tv.
Kjende figurar
Stine Longva Veddegjerde seier at hennar favoritt er Svampe-Bob, og i tillegg er det kjende Disney-figurar som Mikke og Pluto, vi finn Obelix og mange andre kjære favorittar.
Rektor Torgeir Hauge ved kulturskulen seier til NRK at det var ein liten prosess før dei fekk løyve til å dekorere undergangen, men etter kvart har vegvesenet vorte ein god samarbeidspartner og har bidrege til prosjektet. Dei har betalt både for lysa og for målinga som er brukt til å gi tunnelen ein heilt ny dimensjon.
Til saman er det 71 elevar ved denne linja ved musikk- og kulturskulen, og det er eit svært høgt tal, seier Hareide. Denne interessa har vore der nokre år, men det er uråd å seie om dette vil halde fram.
Nokre av elevane sluttar etter dette skuleåret og det synest Hareide er litt vemodig.
–Samtidig viser kvaliteten på arbeidet dei gjer at dei har vore her i mange år, seier ho.
Kunstutstilling i sentrum
I tillegg til å ha dekorert denne undergangen har kulturskulen kvart år ei kunstutstilling i lokala til kunstlaget i Hareid sentrum. Denne utstillinga opna i dag. Måleria der er kjende motiv som elevane har funne fram til og deretter kopiert.
Hareide seier det er niande eller tiande året dei har ei slik utstilling. Ho er ikkje heilt sikker.
–Det gir elevane noko å jobbe fram mot, å ha ei slik utstilling, seier ho.