Hopp til innhold

Frp vurderer å be politiet etterforske Bingsa-saka

Avsløringane om drifta ved renovasjonsanlegget Bingsa i Ålesund er så alvorlege meiner Frp, at dei vurderer å fremme forslag i formannskapet om politietterforsking.

Bossberg på Bingsa

Kommunerevisjonen i Ålesund har avdekt fleire lovbrot ved Bingsa.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Kommunerevisjonen i Ålesund har avslørt gjentekne brot på arbeidsmiljølova, mange millionar i økonomisk feilrapportering og brot på innkjøpslova på Bingsa. Ålesund kommune har erkjent at dei ikkje har hatt god nok kontroll ved renovasjonsanlegget.

I ei pressemelding skriv gruppeleiar i Geir Stenseth at partiet vurdere å fremme eit forslag i formannskapet om at kommunen ber politiet etterforske saka.

– Vi vil finne ut om det har skjedd noko ulovleg, seier Stenseth til NRK.

800 timar overtid

Geir Stenseth

Geir Stenseth ( Frp) vurderer å be kommunen om å kople inn politiet for å etterforske saka.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / Nrk

Entreprenørselskapet OK Entreprenør skal ha fått oppdrag for nærare 24 millionar kroner på Bingsa utan anbodsrunde. Kommunerevisjonen har også avdekka ein overtidsbruk dei siste åra, der enkelte av dei tilsette har jobba 800 timar overtid. I 2016 var det fire tilsette som overskreid grensa for tillatt overtid, skriv Sunnmørsposten.

Saka har vakt sterke reaksjonar og kontrollutvalet skal handsame saka. Rådmann Astrid Eidsvik sa på eit ekstraordinært møte at det er viktig å hindre at liknande skjer i framtida.

Geir Stenseth presiserer at dette verken er ei rådmannsjakt eller eit politisk oppgjer, men at dei meiner at saka er så alvorleg at ein bør vurdere å gå til politiet, dersom politiet ikkje startar etterforsking på eige initiativ.

Arbeidstilsynet går inn i saka

Arbeidstilsynet har på eige initiativ bestemt seg for å gå inn i saka.

– Etter alt som har kome fram i media har vi no vald å varsle eit tilsyn i Ålesund kommune, seier Inger Marie Seth. Ho er tilsynsleiar i Arbeidstilsynet.

Tilsynet kjem til å skje i nær framtid.