Hopp til innhold

Fryktar for tryggleiken i påskefjellet etter dagevis utan mobildekning

Hyttefolk i Stordal på Sunnmøre er sinte over å vere utan mobildekning i dagevis. Fleire fryktar dei ikkje skal få hjelp om det skjer ei ulykke i påskefjellet.

Svein Roger Slyngstadli

Det er ingen vits i å prøve mobilen for Svein Roger Slyngstadli, som er hytteeigar i Stordal. Telia-kundar i området har vore utan dekning i dagevis, og Slyngstadli er ikkje glad.

Foto: Johan Arnt Overøye

Svein Roger Slyngtadli frå Ålesund er ein av dei som likar dårleg kjensla av å vere utan kontakt med omverda no i påska. I fleire dagar har han og resten av Telia-abonnentane i hytteområdet Langsetrane i Stordal vore utan dekning.

– Vi har ikkje dekning i det heile tatt, verken sambuaren min eller eg, seier han, og seier han har snakka med mange hyttenaboar som er sinte og fortvilte.

Dermed får han ikkje ringt, teksta eller surfa på nettet via mobilen sin.

Fryktar for tryggleiken

Overøye i Stordal er eit populært utfartsområde i Stordal, med om lag 350 hytter. No i påska er det full aktivitet i dei fleste hyttene, og mange legg ut på skitur i fineveret. Slyngstadli meiner at den manglande mobildekninga også går ut over tryggleiken.

Langsetrane i Stordal

Det er om lag 350 hytter på Langsetrane i Stordal. Mange har Telia-abonnement, og er dermed heilt utan dekning denne påska.

Foto: Johan Arnt Overøye

– Det er folk på alle toppar rundt her, dersom det skulle gå eit skred eller folk treng hjelp, har dei altså ikkje dekning. Ein skulle tru Telia var såpass at dei tok ansvar, seier Slyngstadli.

Har opna portane

Jon Geir Selboskar, som er leiar i Langseterlaget Sameie, seier dei no har sett opp bommane inn til det populære hytteområdet. Bommane må vanlegvis opnast med mobiltelefonane til hytteeigarane, men sidan ingen av Telia-kundane har dekning, har grunneigarane forsøkt å løyse problemet.

Han er ikkje glad for at folk er utan dekning i dagevis.

– Eg syns det er heilt tragisk, både i forhold til tryggleiken og no når dei fleste nyttar hyttene sine. Det kan ha ulike konsekvensar dersom folk blir sjuke, seier han.

Bom ved Langsetrane i Stordal

Bommane inn til hytteområdet ved Langsetrane i Stordal står no vidopne. Bommane må vanlegvis opnast med mobiltelefon, men sidan ingen Telia-kundar har dekning, fungerer ikkje systemet.

Foto: Johan Arnt Overøye

Skjønar ikkje problemet

Fleire hytteeigarar NRK har vore i kontakt med, seier dei har fått beskjed frå Telia om at feilen først blir retta etter påske.

Ein av dei skriv på Facebook-sida si at dette betyr at Telenor no kjem til å få mange fleire kundar.

Ellen C. Scheen

Kommunikasjonsrådgjevar Ellen C. Sheen i Telia beklagar og håper situasjonen betrar seg.

Foto: Netcom

Først etter gjentekne oppringingar til ulike pressekontaktar, svarer kommunikasjonsrådgjevar Ellen C. Scheen i Telia per e-post. Her kjem det fram at teknisk avdeling i Telia ikkje har registrert nokon feil. Tvert om skal mobiltrafikken i området ha vore større enn vanleg dei siste dagane. Ho meiner dette kan ha ført til at dei som vanlegvis har dekning, har mist han.

Scheen skriv også at ho beklagar, og håper situasjonen betrar seg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL