Dette skjemaet kjem neppe saksbehandlarane i Fiskeridirektoratet til å gløyme med det første. Ved ein feil blei ei avgjerande kolonne ståande tom då direktoratet skulle søkje russiske styresmakter om rekefiske for trålaren «Remøy».
Då russarane oppdaga det, blei båten beordra til kai i Murmansk, og der ligg han framleis. I ettertid har russiske styresmakter kravd 90 millionar kroner i kausjon for å setje båten fri.
Kommunikasjonsdirektør Olav Lekve i Fiskeridirektoratet seier dei aldri har opplevd noko slikt før.
– Vi ante ikkje konsekvensane ein slik feil ser ut til å gje, seier han.
Les også:
Har søkt om ordinært fiske
Skjemaet som er sendt til russiske styresmakter viser at det er søkt om fisking av tonnevis med torsk, hyse, blåkveite og steinbit, men altså ikkje reker, slik reketrålaren er utstyrt for.
Ifølgje Lekve har ikkje norske styresmakter elektronisk kommunikasjon med russiske styresmakter i slike saker, dermed må alt førast over på papir. Det er her feilen skal ha skjedd.
– Det skjedde ein feil, ein glipp, som vi har kalla det, vi har rett og slett gløymt å føre opp reker på lisensskjemaet, seier han.
Les også:
Vil sjå på rutinane
Skjemafeilen har ført til uvanleg mykje uro. Norske styresmakter på høgt nivå er involvert i hendinga, og etter nesten tre veker er båten framleis ikkje på heimveg.
Fiskeridirektoratet er dagleg involvert i søknader om fiske for norske båtar, og dei aller fleste er rein rutine. No seier Lekve dei vil sjå på rutinane sine.
– Vi har ikkje sett at det sånn sett er noko feil med rutinane, men vi vil jo sjå på dette igjen for å unngå at det skjer på nytt, seier han.
Skipperen tek ikkje sjølvkritikk
Skipper Kjetil Ervik avviser at han burde oppdaga feilen, og informasjonsdirektør Olav Lekve i Fiskeridirektoratet seier det er eit spørsmål dei eventuelt vil ta opp i etterkant.
Noreg har ei gruppekvote på 4000 tonn reker i den russiske sona av Barentshavet, og ifølgje Fiskeridirektoratet skulle dette talet stått oppført i kolonnen til høgre, slik som for fartøyet over. Det er ikkje Ervik samd i.
– Vi har absolutt sjekka dokumentet vi fekk, men tolka at det var lovleg, og at vi fiska på ei gruppekvote, seier han.