Hopp til innhold

I dag starta ankesaka for dei tre som er dømde for heleri av store mengder fisk

Dei tre sunnmørsmennene som er dømde for heleri av fisk til nesten 12 millionar kroner, set si lit til ein ny runde i rettssystemet. Saka starta onsdag.

Ålesund tinghus

Det er sett av ti dagar til den omfattande saka om fiskeheleri i ålesundsområdet. Saka startar onsdag formiddag.

Foto: Terje Reite / NRK

Det var i oktober 2016 dei tre mennene blei dømde for heleri av store mengder fisk. Den hovudtiltalte blei dømd til fengsel i 5 1/2 år, dei to andre til tre år og halvanna år bak lås og slå.

Alle tre anka, og det same gjorde påtalemakta, og saka startar onsdag formiddag.

Hilde Haugen

Aktor Hilde Haugen fekk ikkje medhald i påstanden om tjuveri, då Sunnmøre tingrett behandla saka mot dei tre mennene hausten 2016.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Mitt håp er å få opplyst saka på best mogleg måte, og så får retten ta ei rett avgjerd, seier aktor Hilde Haugen.

Les også:

Frikjende for tjuveri, dømde for heleri

I tingretten fekk ikkje aktor gjennomslag for punktet om tjuveri av dei store mengdene med fisk. Dermed blei dei tre dømde for heleri av fisken, trass i at forsvararane til dei tre hevda etterforskinga var mangelfull.

Saka starta med at det forsvann store mengder fisk frå ei fiskeforedlingsbedrift på Valderøya i Giske. Skattestyresmaktene skal først ha slått alarm, og deretter blei politiet kopla inn i saka.

Totalt skal det ha forsvunne 386 tonn frå Scanprod AS i perioden desember 2011 til mars 2015.

Les også:

Håper å få større erstatning

Maria Elena Kvalen

Advokat Maria Elena Kvalen håper Scanprod skal oppnå ei høgare erstatning i lagmannsretten.

Foto: Sands

I tingretten kravde selskapet at dei tre tiltalte skulle betale tilbake om lag 9,7 millionar kroner, men fekk ikkje medhald for meir enn 600 000 kroner.

Advokat Maria Elena Kvalen frå advokatkontoret Sands representerer Scanprod, og seier dei håper på eit betre resultat enn i tingretten.

– Kravet var vesentleg høgare enn det resultatet tingretten kom fram til. Gjennom ei ny handsaming ønskjer vi sjølvsagt å oppnå ei høgare erstatning, seier ho.

Håper på mildare dom

Jan Erik Teigum, advokat

Advokat Jan Erik Teigum representerer mannen som blei dømd til tre års fengsel for heleri. Han meiner det er grunnlag for ein ny runde i retten.

Foto: Kaja Mikalsen

Også advokatane for dei tre heleridømde ser fram til neste rettsrunde med optimisme.

Advokat Jan Erik Teigum, som representerer mannen som blei dømd til fengsel i tre år, seier han håper klienten hans blir frifunnen.

– Vårt syn er at retten såg feil på det, og vi håper at dei ser rett på det denne gongen, seier han.

Axel Villads Lange

Advokat Axel Villads Lange representerer mannen som blei dømd til halvanna års fengsel. Han vil forsøkje å få klienten sin frifunnen for heleri.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Axel Villads Lange representerer han som blei dømd til fengsel i halvanna år, og også han trur ein ny runde i retten vil gje klienten hans lågare straff og at han slepp erstatning.

– Han er dømd for heleri, men meiner han ikkje er skuldig i det, og vi vil jobbe for å bevise at han er uskuldig på det punktet, seier Lange.

Ifølgje ein e-post frå advokaten til den hovudtiltalte, Anders Svinø, ankar dei både på grunn av lengda på fengselsstraffa og erstatningsbeløpet.

Det er sett av 10 dagar til ankesaka i Frostating lagmannsrett.