Entreprenørselskapet OK Entreprenør, som fekk oppdrag for nærare 24 millionar kroner på renovasjonsanlegget Bingsa i Ålesund, utan anbodsrunde, har også planert og sett opp ein mur heime hos Bingsa-sjefen. Betalinga var to båtar, skriv Sunnmørsposten. (krev innlogging).
Teamleiar på Bingsa, Per Oskar Slinning, seier til avisa at han har eit tydeleg skilje på kva som er privat, og kva som er jobb, og at det private arbeidet uansett skjedde før han blei sjef på anlegget.
Etter Sunnmørsposten sine avsløringar om renovasjonsanlegget inviterer no formannskapet i Ålesund kommune til ei orienteringsmøte om Binga. Møtet skal vere i formannskapssalen fredag 21. april klokka 13.30.
Kommunen, som driftar anlegget, har sett i gang tiltak for å få styring på økonomien ved anlegget. Eit av problema har vore overdriven overtidsbruk.
– Etter at kommunerevisjonen i 2014 hadde kommentarar til overtidsbruken ved Bingsa, blei det gjort eit godt arbeid i kommunen, noko som visast igjen i lav overtidsbruk i 2015. I 2016 var det fire tilsette som overskreid grensa kor det burde vore søkt om unntak frå Arbeidstilsynet. Tre av dei arbeida også meir enn det Arbeidstilsynet kunne gjeve løyve til. Brot på arbeidsmiljølova skal ikkje skje. Kommunen beklagar dette sterkt og har allereie sett i gang tiltak for å unngå at slike situasjonar oppstår igjen, seier Eidsvik i ei pressemelding.