Hopp til innhold

Til finalen i Klassequizen 2017?

I kveld sender NRK den andre semifinalen i Klassequizen. Det er Haramsøy skule som representerer Møre og Romsdal. No får vi vite om dei går heilt til finalen.

Haramsøy Klassequizen 2017

Her er Benedicte Kjerstad, Petar Milic og Håkon Farstad Brekke klar til å representere Møre og Romsdal i semifinalen i Klassequisen.

Foto: Henriette Mordt / NRK

NRK Klassequizen er kanskje Noregs mest spennande kunnskapskonkurranse for tiandeklassingar. Og for femte året på rad skal ein klasse frå Møre og Romsdal ut i semifinale på riksdekkjande fjernsyn.

I år er det Haramsøy skule som representerer Møre og Romsdal. Dei konkurrerte hardt mot 31 andre klasser frå heile Møre og Romsdal. Både Haramsøy og Rindal kom heilt fram til målstreken, og i fylkesfinalen måtte det rkstrarundar til for å skilje dei.

Spennande fylkesfinale

Til slutt blei det Haramsøy som kunne stikke avgarde med både 5000,- kroner til klassekassa og med billett til Oslo for å vere med på innspelinga av finalen på NRK Marienlyst.

– Eg var veldig avslappa. Eg kjende ikkje på noko nervar. Det var ganske greit greit. Nokre av deltakarane var kanskje litt meir stressa, men vi var relativt rolege før opptaka byrja, seier Petar Milic. Han er ein av dei tre på laget, saman med Benedicte Kjerstad og Håkon Farstad Brekke.

2017, fylkesfinale i Møre og Romsdal

Her kan du sjå den spennande fylkesfinalen der Haramsøy til slutt gjekk sigrande ut.

Fekk fleire dagar i Oslo

Opptaka til den andre semifinalen skjedde på ein tysdag. Då hadde klassa kome til Oslo allereie på søndagen. På måndagen var det opptak til den første semifinalen. Då var gjengen frå Haramsøy publikum.

– Det var kanskje ein fordel å vere publikum under den første finalen, for då var vi budde på kva som møtte oss. Men vi tenkte også på at dei som var i den første semifinalen hadde ein god kviledag før finalen. Så det jamna seg vel litt ut, seier Petar.

Landets beste 10.klassinger møtes til kunnskapskonkurranse. Etter innledende runder i alle landets fylker, er nå 19 lag klare for finale i Oslo. To semifinaler leder opp mot finalen. Ungdommene imponerer med kunnskapene sine og slagordet for Klassequizen passer godt. "Vi kan mer enn du tror!" Lagene skal igjennom en rekke kategorier om mange ulike tema før vi kan kåre en vinner 27. mai. (2:3)

Her kan du sjå semifinale nummer to. Denne blir tilgjengeleg frå laurdag 20. mai klokka 19.55.

I og med at Haramsøy fekk vere i Oslo i fleire dagar fekk dei også tid til mange aktivitetar på fritida.

– Ja, det var veldig kjekt. Vi fekk gjort masse på fritida. Og vi var på Holmenkollen, på Slottet, Stortinget, på Aker brygge og på Tjuvholmen.

Fekk de bruke litt tid til å førebu dykk også?

No er dette ein quiz. Og det er vanskeleg å førebu seg. For vi kan jo få spørsmål om kva som helst. Men vi kjøpte ei quiz-bok som vi brukte berre for gøy, for eksempel når vi venta på ein trikk eller ein buss.

Haramsøy skule i Holmenkollen

Laget frå Haramsøy hadde også høve til å sjå store deler av Oslo på fritida. Her er det «selfie-tid» i Holmenkollen.

Foto: Petar Milic

– Ei oppleving å delta

Og Petar Milic oppmodar no andre tiandeklasser om å melde seg på Klassequizen om det blir nye rundar av denne programserien.

– Definitivt. Det er ei oppleving berre å få vere med og kome på NRK. Det var berre kjekt å vere med . Vi fekk oppleve så mykje.

Petar Milich er svært hemmelegheitsfull, og kan ikkje seie noko om dei gjekk vidare til finalen eller ikkje. Dette blir spennande. Og svaret får vi i sendinga som går på NRK1 og som blir tilgjengeleg på nettet frå laurdag 20. mai klokka 19.55. Finalen går éi veke seinare, nemleg laurdag 27.mai klokka 19.55.

Landets beste 10.klassinger møtes til kunnskapskonkurranse. Etter innledende runder i alle landets fylker, er nå 19 lag klare for finale i Oslo. To semifinaler leder opp mot finalen. Ungdommene imponerer med kunnskapene sine og slagordet for Klassequizen passer godt. "Vi kan mer enn du tror!" Lagene skal igjennom en rekke kategorier om mange ulike tema før vi kan kåre en vinner. (3:3)

Her kan du sjå finalen i Klassequizen 2017. Denne sendinga blir tilgjengeleg frå laurdag 27.mai klokka 19.55.