Hopp til innhold

Kos deg med snøen – snart er han vekk

Mange vakna opp til fleire centimeter snø i dag. På slike dagar kan vi dele folket inn i to: Dei som elskar og nyt snøen. Og dei som ikkje kan tenkje seg noko verre enn dette kvite, våte som kjem ned frå himmelen og gjer jordoverflata uframkomeleg.

Snø i Ålesund

Nina i akebrettet saman med hunden Paprika og mamma Na.

Foto: Terje Reite / NRK

Vi møter dei i byparken i Ålesund. To blide ansikt og ein svært fornøgd hund er klar til å nyte snøen som fall i natt.

To fingrar opp som gjev eit lett skråstilt v-teikn er svar godt nok på spørsmålet om det er stas med nysnø. Også hunden Paprika ser ut til å trivast betre på sjølve akebrettet enn med labbane i den våte snøen.

Nina tek ei ekstra runde med akebrettet rundt trea i byparken, sikkert for å vise at snø, akebrett og fart verkeleg høyrer saman.

Slik rekk du forelesninga

Vinteren utgjer ofte ein stor del av eit studieår. Og kanskje er det slik at mange vel å studere i Volda også fordi det som regel er gode snøforhold vinteren gjennom i området?

Med perfekte snøforhold kan kombinasjonen av snø og ski vere det smartaste trekket om du skal rekke forelesninga. Sjå berre denne videoen, som er produsert av selskapet Ranglefant og som Høgskulen i Volda har lagt ut på Facebook-sida si.

Kan vere ferdigmåka i morgon

Den som ikkje gidd måke i dag, og som har høve til å vente, kan kanskje vente til i morgon. I ytre og lågare strok kan snøen vere ferdigmåka alt etter eit døgn. I alle fall varslar YR regn og temperaturar opp i 6–7 grader i ytre og lågare strok.

Snø i Ålesund

Slik såg det ut i Ålesund litt ut på formiddagen torsdag. Andre stader hadde fått mykje meir snø.

Foto: Terje Reite / NRK

Og slik varslar meteorologane at det er mildvêr på gang.

Laster Twitter-innhold

Mange tek kamera fatt og dokumenterer vêrtilhøva og sender dei som sjåarbilete til NRK Møre og Romsdal. Alvhild Ulset kan melde om snøbyer, éi plussgrad og vindstille på Kanestraum i Tingvoll.

Snøbyger over innhengning ved vann i Tingvoll.

Dette er på Kanestraum i Tingvoll. Vinteren markerer seg absolutt. Kanskje blir det regn også her i morgon.

Foto: Alvhild Ulset

For å vise dei ulike vertilhøva mellom høgfjellet og låglandet tek vi også med eit bilete frå den aktive småviltjegaren og fotografen Njål Vikanes frå Ulstein. Han har vore på tur til Skårasalen i vinterleg og fint ver.

Skårasalen

Skårasalen i vinterdrakt. Det er eit spektakulært syn for den som kjem seg heilt til topps.

Foto: Njål Vikanes

Lengtar etter våren

Men så finst det sjølvsagt dei som forbannar vinteren, snøen og all skiten han fører med seg, enten skiten stammar frå hundar eller andre stader. Kjellen Bigset er ikkje i tvil. Han lengtar etter våren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL