Hopp til innhold

Lasta varebilen så full av matvarer at dekket ramla av

Ein sunnmøring er frådømt førarkortet etter å ha køyrt frå Oslo og heim gjentekne med gongar i ein bil fullasta med mat. Den eine gongen fall det eine dekket av.

Sunnmøre tingrett

Ein sunnmøring må klare seg utan førarkortet i ni månader. Sunnmøre tingrett slår fast at han ikkje forstår alvoret i saka.

Foto: NRK

Mannen i 30-åra er sjåfør for ei daglegvareforretning på Sunnmøre, og har som ei av arbeidsoppgåvene sine å køyre til Oslo for å hente mat. Ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett handlar det stort sett om grønsaker, tørrvarer, ris, linser og liknande til butikken som kona driv.

Vog fem tonn

Mannen reiser kvar einaste veke til Oslo for å hente matvarer til butikken, både ein og to gongar.

Tysdag 9. mai blei han stoppa av mannskap frå Statens vegvesen i vektkontroll og hadde også denne gongen med seg tonnevis med mat i bilen frå hovudstaden. Vekta stoppa først på 5000 kilo, sjølv om varebilen berre var registrert for 3500 kilo.

Og det var ikkje den første gongen.

Dekk fall av

I retten kom det også fram at mannen er bøtlagt fleire gongar for overlast. I mars blei han også stoppa, og hadde då vel eitt tonn for mykje med seg. Ifølgje dommen var bilen så nedlest av varer at venstre bakhjul fall av.

I 2015 blei han bøtlagt for å ha tatt med seg 1700 kilo for mykje, og ifølgje dommen var det då så mykje varer i bilen at skjermbuane på bilen nesten var borti dekka.

Meiner han ikkje forstår alvoret

Saka i 2015 førte til at mannen miste førarkortet i seks månader. No tek retten frå han førarkortet på nytt, denne gongen i ni månader.

I tillegg må han betale 15 000 kroner i bot.

I dommen heiter det at alle sakene viser manglande vilje til å overhalde lova, og at mannen openbart har store problem med å ta inn over seg alvoret i saka: "Bestemmelsene brytes gang på gang selv om siktede har erfart uhell i forbindelse med overlast".