Hopp til innhold

Lege gløymde truleg nål i ryggen til pasient

Det gjekk tre år før legane klarte å finne den spisse nåla som truleg blei gløymt igjen etter ryggoperasjonen. No granskar Statens helsetilsyn saka.

Ansatte i hjemmetjenesten.

Mannen som truleg går rundt med bitar frå ei sprøytenål i ryggen, seier han ikkje klarer å arbeide lenger og er bortimot invalidisert av smertene. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

Det var i 2013 mannen blei operert for proplaps ved eitt av sjukehusa i Møre og Romsdal. Men under operasjonen gjekk noko etter alt å dømme gale. Ifølgje dokumenta som no blir sende over til Statens helsetilsyn, gløymde overlegen truleg å fjerne "tre nåleformede, metalliske fremmedlegemer".

Først etter å ha levd med dei spisse metallbitane i ryggen i tre år, blei nålebitane oppdaga.

Les også:

Krev erstatning

Odd Harald Hovde og Erik Slotterøy

Advokat Odd Hovde seier mannen er sterkt prega av smerter og ikkje lenger klarer å arbeide etter at legane truleg gløymde ei nål i ryggen hans.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen ønskjer ikkje å snakke med NRK, men advokat Odd Hovde seier klienten hans ikkje klarer å arbeide lenger og er bortimot invalidisert av smertene. Hovde har klaga saka inn for Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Norsk Pasientskadeerstatning.

Feil er uunngåelege, men det at det har gått så veldig langt tid utan at det blei oppdaga, og i tillegg at det var pasienten sitt initiativ som avdekka denne grove feilen, meiner vi er sterkt kritikkverdig, seier Hovde.

Korleis pregar skaden kvardagen hans?

– Han har mist jobben, går med sterke smerter heile døgnet, og kvardagen hans er naturlegvis svært påverka av det. Det å måtte gå med sprøytespissar i ryggen er ei betydeleg påkjenning, også psykisk, seier Hovde.

Forstår ikkje korleis det kan ha skjedd

Overlegen som opererte mannen har i ettertid konkludert med at det truleg er ei sju centimeter lang nål som blei brukt under operasjonen, som blei gløymt igjen. Etter alt å døme har denne etter ei tid knekt i tre bitar.

– Det er sterkt beklageleg. Eg er veldig lei meg for det. Vi har rutinar som skal forhindre slikt, men denne gongen skjedde det likevel, seier overlegen til NRK.

Usemje om risiko ved operasjon

Det er usemje om det er mogleg å operere ut dei tre nålebitane. Ifølgje advokat Hovde har dei vore i kontakt med fleire legar som hevdar det er svært risikofylt, men det avviser overlegen som opphavleg opererte.

Pasienten hevdar han har vore utsett for ei arrogant behandling.

Det er veldig vanskeleg å vurdere sjølv om eg oppførte meg arrogant. Det viktige er kjensla til pasienten i ettertid, og eg må berre beklage at pasienten opplever det slik, seier overlegen.

Helsetilsynet granskar saka

Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen i Møre og Romsdal karakteriserer saka som svært uvanleg. No skal Helsetilsynet vurdere saka.

Foto: Roar Jonny Strom

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen skriv i si utgreiing at eit skarpt framandelement medfører stort skadepotensial, og at ei skadd spinalnerverot mellom anna kan medføre lamming, smerter og tap av sensibilitet.

No skal Statens helsetilsyn vurdere om Helse Møre og Romsdal har brote lova.

– Det er svært sjeldan at operasjonsutstyr eller anna materiale blir gløymt igjen, men det kan skje, og det gjorde det truleg i dette tilfellet, seier Mikaelsen.