Hopp til innhold

Miss Norway med Ålesunds-flørt til heile verda

– Ålesund er den vakraste byen, seier Noregs vakraste.

Miss Norway

Ålesunds-filmen med Miss Norway skal nå ut til ein halv milliard TV-sjåarar på Miss Universe-kåringa i januar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Som Miss Norway er Christina Waage å rekne som Noregs vakraste kvinne. Fredag hoppa 21-åringen i havet i Atlanterhavsparken og hadde filmopptak på Fjellstua.

Eit amerikansk TV-team følgjer henne. Det heile skal sendast ut til ein halv milliard tv-sjåarar under Miss Universe-finalen i januar.

– Ålesund er den vakraste byen i landet. Eg ville gjerne promotere sunnmørsbyen når eg fekk sjansen til det, seier Christina Waage midt i fotoseansen.

Miss Norway

Miss Norway, Christina Waage, og søstera Nathalie saman med filmskaparane Greg Mezey (t.v.) og Eric Tiu.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Amerikanarane er godt fornøgde med opptaka dei får på Fjellstua. Dei skal også filme andre stader i Ålesund.

Sunnmørske gener

Familien til Miss Norway er på plass. og her er det mykje sunnmørsgener inne i bildet. Mora, Trude Waage, kjem frå Søvika i Haram. Men familien bur i Nes på Romerike

Christina Waage har vore ein god del på Sunnmøre i oppveksten. I dag er ho sjukepleiarstudent i Ålesund.

Miss Norway

Noregs representant i Miss Universe-kåringa i januar er sjukepleiarstudent i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Leika seg med fiskane

Miss Norway tok ikkje fem øre for å hoppe i havet ved Atlanterhavsparken. Ho tok dykkarlappen som 12-åring. Fredag leika ho seg med fiskane i tanken med fire millionar liter sjøvatn.

Miss Norway

Christina Waage er ein erfaren dykkar. Her boltrar ho seg saman med fiskane på Atlanterhavsparken.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Har du ein sjanse til å bli Miss Universe?
– Det er knallhard konkurranse, og det er 26 år sidan Mona Grudt vann. Eg får berre vere meg sjølv. Åtti andre land deltar, og mange har det som ein heiltidsjobb.

Miss Norwa

21-åringen vart kåra til Miss Norway 30. juli.

Foto: Aas, Vegard M. / NTB scanpix

Miss Universe-finalen er på Filippinane 30. januar.