Hopp til innhold

Endeleg dekning i Stordalen: – Beklageleg at det ikkje blei ordna før

Sidan tidleg i førre veke har hyttefolket i Stordal på Sunnmøre vore utan mobildekning. Etter mykje om og men fann Telia feilen, som blei retta søndag, men dei råka synest det har tatt vel lang tid.

Svein Roger Slyngstadli

Svein Roger Slyngstadli frå Ålesund var svært frustrert over å ikkje ha dekning på hytta i Stordal på Sunnmøre.

Foto: Johan Arnt Overøye

– Det er naturlegvis ikkje bra at det gjekk så lenge før dei fekk retta det. Dette er slikt som skjer, men det er beklageleg at det ikkje blei ordna før. Det fekk litt trasige konsekvensar for alle dei med Telia-abonnement i området, seier Jon Geir Selboskar.

Han er leiar i Langseterlaget Sameie og har prata med mange frustrerte Telia-brukarar som ikkje har hatt dekning i påska. Først søndag formiddag kom signala tilbake.

– Eg registrerte det for ei stund sidan. Éi av døtrene mine fekk plutseleg tilbake signalet, så no kan vi leve som normalt. Det er positivt at dei fekk retta det, seier Selboskar.

Torsdag var fleire i hytteområdet svært irriterte, etter å allereie ha vore utan dekning i fleire dagar. Svein Roger Slyngstadli frykta for tryggleiken.

– Det er folk på alle toppar rundt her, dersom det skulle gå eit skred eller folk treng hjelp, har dei altså ikkje dekning. Ein skulle tru Telia var såpass at dei tok ansvar, sa Slyngstadli til NRK.

Langsetrane i Stordal

Det er om lag 350 hytter på Langsetrane i Stordal. Først søndag fekk Telia-abonnentane tilbake dekninga.

Foto: Johan Arnt Overøye

Slo ikkje ut i varslingssystemet

For Telia har det vore ei litt lei nøtt å knekke. Då NRK prata med telefonselskapet torsdag forstod dei ikkje kvifor hyttefolket i Stordal var utan dekning. Først laurdag kom meldinga om at dei hadde funne ein feil.

Ellen C. Scheen

Kommunikasjonsrådgjevar Ellen C. Sheen i Telia fortel at dekningsproblemet blei løyst søndag formiddag.

Foto: Netcom

– Feilen gjeld ikkje basestasjonen som dekkjer Langsætrane, men ein såkalla «repeater» som forsterkar signala frå ein basestasjon som dekkjer Overøye Alpinanlegg. Dette blei ikkje avdekt i vårt første feilsøk i området, seier Ellen C. Scheen i Telia.

Når feilen først var lokalisert sende Telia ut mannskap søndag morgon. Feilen blei retta litt etter klokka 11.

– Vi må berre beklage for ulempene kundane har hatt. Det er aldri moro å vere utan dekning, slår kommunikasjonsrådgjevar Scheen fast til NRK.

Mange innringarar

Sidan problema starta i førre veke har mange tatt kontakt med Telia. Ifølgje Scheen er dei veldig glade for at folk seier ifrå.

– Det er alltid bra at folk seier ifrå om feil slik at vi kan forbetre oss. Det er ikkje ei stor systemendring som skal til her, men vi har lært å sjå nærare på feil på repeaterar tidleg i framtida, seier Scheen.

Ho fryktar ikkje at kundar vil forsvinne frå Telia på grunn av problema.

– Vi veit aldri kor sinte folk blir, men vanlegvis brukar folk å ha forståing for at teknikk ikkje alltid fungerer som det skal. Vi synest derimot ikkje dette har vore noko moro, seier Scheen.

Ifølgje Selboskar er folk no fornøgde med at dekninga er tilbake. Han håper alle har fått vite at feilen er retta.

– Eg håper dei har sendt ut melding til abonnentane om at alt er i orden no, seier Selboskar i Stordalen.

Bom ved Langsetrane i Stordal

Ein bom som vanlegvis blir styrt frå mobiltelefonane til hyttefolket, måtte stå konstant open fram til Telia fekk fiksa dekningsproblemet.

Foto: Johan Arnt Overøye