Hopp til innhold

Vedtok varslingsrutinar for korrupsjon etter Bingsa-saka

Politikarane i bystyret vedtok torsdag kveld varslingsrutinar etter Bingsa-saka. Rutinane skal gjere det enklare å varsle om kritikkverdige forhold i eller mot Ålesund kommune.

Torgrim Finnes

Torgrim Finnes, som er leiar i kontrollutvalet, orienterer torsdag ettermiddag bystyret i Ålesund om det dei har funne ut om det som har skjedd ved avfallsanlegget Bingsa.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Medan Ålesund badar i sol, møtes ein fullsett bystyresal torsdag ettermiddag, og ikkje uventa er orienteringa om Bingsa den saka det er mest merksemd rundt.

Ålesund rådhus

Bystyret møtes torsdag kveld for å få ei orientering om Bingsasaka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

På tilhøyrarbenken er journalistar og i overkant 20 andre, og Bingsa-saka kom opp først på møtet, som starta klokka 17.

– Svært alvorleg

Det er kontrollutvalsleiar Torgrim Finnes som orienterer om det dei har funne ut om den påståtte korrupsjonen.

– Saka er svært omfattande og alvorleg. Den kan få store konsekvensar, og har desverre prega mediabildet sidan påske, og med stadig nye "avsløringar", sa Finnes frå talarstolen torsdag ettermiddag.

Finnes foreslo frå talarstolen at politikarane skal vedta varslingsrutinar, som følgje av Bingsa-saka. Finnes seier dette bør gjere det enklare å varsle.

Han ba også politikarane om å tenkje grundigare gjennom tematikken.

– Politikarane bør gå fram som gode forbilde, med høg, etisk standard, konkluderte Finnes.

Trekkjer forslag

Gruppeleiar Svein Rune Johannessen i Ap, sa frå talarstolen at dette er ei av dei alvorlegaste sakene han har vore bort i.

Arbeidarpartiet hadde tenkt å fremje forslag om ny organisering av Bingsa, men trekte det etter å ha høyrt Finnes.

– At ein kommune av vår storleik ikkje har god nok internkontroll, er nesten ikkje til å tru. Den viser systemsvikt og svikt ned på enkeltpersonar, sa Johannessen, og streka under at saka ikkje er over endå.

Edvard Devold frå Høgre meinte det var trist å lese om kommunen i Sunnmørsposten for tida.

Eg er framleis stolt av alle dei tilsette i kommunen. Sjølv om vi skal arbeide med forbetring, så er det viktig å sjå bakteppet Dersom ein skulle vurdert dei tilsette utfrå Sunnmørsposten, kunne vi berre lagt ned, sa han.

– Korleis kunne det skje?

Finnes spurte frå talarstolen korleis dette kunne skje. Han viste til at kommunen har over 3000 tilsette og gode rutinar for alt.

– Det har vore mangelfulle system og rutiner, ein må fastslå at det ikkje har vore tilstrekkeleg, konkluderte han torsdag ettermiddag, og la til:

– Det er merkeleg at ein kunne ende opp med dei overtidstala ein har sett. Finnes slo også fast torsdag ettermiddag at dei vil følgje nøye med på overtidsbruken framover, og forventar umiddelbar effekt av kontrolltiltaka.

Bystyret i Ålesund

Bystyret får torsdag kveld orientering om Bingsa-saka. I forgrunnen Geir A. Stenseth, gruppeleiar for FrP.

Foto: Synnøve Hole / NRK

24 millionar utan anbod

Det var i midten av april kommunerevisjonen avdekte at selskapet OK Entreprenør hadde fått oppdrag for nesten 24 millionar kroner utan kontrakt eller anbodsrunde. Samtidig hadde selskapet utført arbeid heime hos teamleiaren.

Nyleg melde Ålesund kommune teamleiaren til politiet, mistenkt for korrupsjon, og etterforskinga starta tidlegare denne veka.

Ventar ikkje uro

Verken gruppeleiar Geir A. Stenseth i FrP eller gruppeleiar Hans Kjetil Knudsen i Ålesundslista seier dei ventar nye avsløringar i bystyret torsdag. Fleire andre politikarar NRK har snakka med seier dei heller ikkje ventar dei store kjensleladde debattane torsdag kveld.

No er saka under etterforsking både hos politiet og Arbeidstilsynet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL