Hopp til innhold

Pasient blei avhengig av morfin – legen får skarp kritikk

Ein pasient blei avhengig av morfin etter å ha fått utskrive store mengder gjennom fleire år. No får legen skarp kritikk for å ha skrive ut narkotiske tablettar til fleire.

Piller

Statens helsepersonellnemnd meiner det er nødvendig å gje legen ei formell åtvaring for å unngå at han skriv ut store mengder narkotiske tablettar til fleire pasientar.

Foto: NTB scanpix

Den erfarne legen har vore spesialist i allmennmedisin i fleire år, og var tilsett ved eit privat legesenter på Sunnmøre då han skreiv ut dei store mengdene narkotiske tablettar.

Saka starta i april 2014 då ein tidlegare pasient klaga over å ha fått ulike vanedannande legemiddel over fleire år på grunn av kroniske smerter. Pasienten hevda han var blitt avhengig av morfin, og ifølgje sakspapira måtte han avrusast av profesjonelle i ettertid.

Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier legen no har fått ei formell åtvaring etter å ha skrive ut store mengder narkotiske tablettar. Ho meiner det er forsvarleg at han held fram som lege.

Foto: Roar Jonny Strom

– Det er alvorleg når ein lege rekvirerer vanedannande medikament i eit såpass uforsvarleg omfang, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Les også:

Undersøking avdekte fleire

Då Statens helsetilsyn begynte å undersøkje saka avdekte dei at det var delt ut uvanleg store mengder narkotiske tablettar også til to andre pasientar.

Den eine fekk store mengder Paralgin forte, den andre også det smertestillande middelet Stesolid, og då seks gongar meir enn tilrådd døgndose.

Åtvaringar frå ein kollega og teikn på avhengigheit og abstinens hos pasientane gjorde ikkje at legen stoppa utskrivingane.

– Rekvireringa har vart over fleire år og med til dels betydeleg høgare dosar enn det som var rett i forhold til smertetilstanden til pasientane, slår fylkeslegen fast.

Les også:

Får formell åtvaring

Helsetilsynet konkluderte allereie sommaren 2015 med at medisinrekvireringa var uforsvarleg, og at legen har brote helsepersonellova overfor pasientane sine.

Legen klaga på avgjerda, men Statens helsepersonellnemnd konkluderer no med at legen må få ei formell åtvaring.

Nemnda slår fast at utskrivinga av dei narkotiske tablettane har vore til dels styrt av pasientane sjølve og prega av at dei blei stadig meir avhengige.

Legen får kritikk for å ikkje ha stoppa utskrivinga, og viser mellom anna til at ein pasient som fekk smertestillande for tre veker, brukte det opp på ti dagar. Trass i dette fekk han endå meir.

Les også:

Ikkje samd i kritikken

Legen vedgår at nedtrappinga av medisinbruken har tatt for lang tid i forhold til den eine pasienten, men avviser resten av kritikken. Han hevdar i staden at helsetilsynet har valt å straffe den legen som orka å behandle pasienten lengst.

Legen klaga difor på vedtaket, men klaga har ikkje ført fram.

Åtvaringa inneber at legen kan halde fram i praksis, og fylkeslegen meiner det er forsvarleg.

– Legen har fått klar beskjed om å endre praksisen, og når legen følgjer rådene og åtvaringa er det forsvarleg at han held fram, seier Müller Mikaelsen.

Legen har i ettertid bytta arbeidsplass, og arbeider no ved eit anna privat legesenter.