Hopp til innhold

Politiet seier etterforskinga i Bingsa-saka kan ta tid

Politiet startar no etterforskinga i Bingsa-saka, men seier slike saker vanlegvis tek tid å etterforske.

Bingsa avfallsplass
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det var i midten av april kommunerevisjonen avdekte at selskapet OK Entreprenør hadde fått oppdrag for nesten 24 millionar kroner utan kontrakt eller anbodsrunde. Samtidig hadde selskapet utført arbeid heime hos teamleiaren.

Fredag melde Ålesund kommune ein teamleiar til politiet, mistenkt for korrupsjon. No vil politiet etterforske saka.

Vi kan førebels ikkje seie noko om kor lang tid etterforskinga tek, erfaringsmessig tek det noko tid, seier politioverbetjent Eivind Klokkersund ved økoteamet i Møre og Romsdal politidistrikt.

Les også:

Vurderer å be om hjelp

Etterforskarane skal no vurdere det som teamleiaren har gjort opp mot Straffelova § 387 om korrupsjon, der heiter det mellom anna at det er straffbart å ta imot eller akseptere ein utilbørleg fordel.

Klokkersund seier saka får høg prioritet og at det kan bli aktuelt å be om hjelp frå Økokrim.

Ja, vi vurderer om vi skal søke bistand frå Økokrim i saka, og vi vil ikkje bruke lang tid på den vurderinga, seier han.

Les også:

Inntil tre års fengsel

Dersom teamleiaren blir dømd for korrupsjon risikerer han bøter eller fengsel inntil tre år.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med advokaten til teamleiaren, Sverre Aarsæther, for ein kommentar.