Hopp til innhold

Skal bygge ekspedisjonscruiseskip i Ulstein

Ulstein Verft har inngått ein intensjonsavtale om bygging av eitt eller fleire cruiseskip for ein hemmeleg kunde.

Eksempel på eit ULSTEIN CX104 ekspedisjonscruiseskip

Ulstein Verft har intensjonsavtale om å byggje minst eitt ekspedisjonscruiseskip. Kunden er ikkje namngitt.

Foto: Illustrasjon Ulstein Verft

Ulstein verft har tradisjonelt vore eit verft som har bygd offshorebåtar, men i ein vanskeleg marknad, har verftet jobba for å omstille seg. Dei har teikna kontrakt på luksusyacht, hybridferje og no cruiseskip.

– Vi har arbeidd strategisk og målretta dei siste åra for å komme inn i ekspedisjonscruisemarknaden. Denne intensjonsavtalen viser at vi er i ferd med å stadfeste posisjonen vår i denne marknaden. Vi er veldig glade for å ha blitt valt som partnar i dette spennande prosjektet, og vi ser fram til å gjere dette prosjektet om til verkelegheit, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group i ei pressemelding.

Ekspedisjonscruiseskipa er tilpassa polare farvatn og er planlagde levert i 2019 og 2020. Skipa er 120 meter lange og 20 meter breie og har det spesielle X-bowdesignet.

Måndag vart det kjent at konsernet også skal levere utstyr og design til eit cruiseskip som skal byggast i Kina.