Hopp til innhold

Skal drøfte giftdeponi-saka

Plasseringa av eit deponi for store mengder giftig avfall frå sjøbotnen i Ålesund, blir tema når sjømatnæringa og kommunen møtes til dialogmøte neste veke.

Nils Sperre sitt anlegg på Ellingsøy

På Ellingsøya ligg sjømatbedrifter som perler på ei snor. Bedrifta Nils Sperre AS er ei av dei tradisjonsrike fiskeribedriftene og har vore ein del av sjømatnæringa like sidan 1923.

Foto: Nils Sperre

10 sjømatbedrifter på Ellingsøya i Ålesund som til saman produserer sjømat for 4, 5 milliardar kroner, meiner det kan få uante konsekvensar for næringa dersom eit stort stranddeponi for mudder med giftig innhald blir plassert ved Ellingsøyfjorden.

Etter sterk kritikk mot ei utgreiing som er gjort for Ålesund kommune, får næringa no møte kommunen til samtalar om saka.

Eit konsulentforma tilrår at deponiet blir plassert på Flatholmen ved Ellingsøyfjorden, og det er dette som får næringa til å sjå raudt.

Forventar gehør

Ellingsøya er eit viktig sentrum for fiskerinæringa, der særleg klippfiskproduksjon og eksport står sentralt. Bedriftene gir arbeid til 5–600 tilsette.

Tormod Thomsen

Tormod Thomsen, dagleg leiar i Firmenich Bjørge Biomarin, er talsperson for 10 sjømatbedrifter på Ellingsøya som har sterke synspunkt på plassering av eit framtidig giftdeponi i Ålesund.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Vi er svært glade for at kommunen kallar oss inn til eit dialogmøte, slik at vi får spelt inn vårt syn i saka. Vi ser at samfunnsinteresser er eit tema i utgreiinga, utan at sjømatnæringa er tatt med. No vonar å bli tekne med i det vidare arbeidet, seier talsperson for sjømatbedriftene på Ellingsøya, Tormod Thomsen i Firmenich Bjørge Biomarin.

Kommunen har tre ulike stader dei vurderer som deponi frå mudderet som skal takast opp frå Aspevågen. Det er Kvennaneset, Gangstøvika og Flatholmen.

Portrett av kvinne

Rose Mari Refsnes er prosjektleiar for Ålesund kommune i saka som gjeld løysinga for eit giftdeponi i Ålesund

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Kommunen vil gjerne møte sjømatnæringa slik at vi kan avklare eventuelle mistydingar. Det er også svært viktig for oss å forvisse næringa om at lagringa vi planlegg, er ein trygg måte å deponer avfallet på, seier Rose Mari Refsnes, prosjektleiar i Ålesund kommune.

Sjømatnæringa støttar at avfallet blir teke opp og lagra, og ønskjer ikkje å blande seg inn i kvar deponiet bør plasserast. Likevel meiner næringa det må vere heilt uaktuelt å legge det i strandkanten ved Flatholmen.

Gamle miljøsynder

Det har vore arbeidd i over 30 år for å få fjerna farleg avfall frå sjøbotnen i Aspevågen, som er eit resultat av gamle miljøsynder. Det er både politisk og miljømessig semje om at gifta på sjøbotnen no må fjernast og lagrast i eit lukka deponi.

Fiskemottak Ellingsøya

Fiskerinæringa på Ellingsøya gir arbeid til mellom 5- og 600 personar.

Foto: Remi Sagen/NRK

Også regionlaget Fiskebåt Vest i organisasjonen til havfiskeflåten Fiskebåt, støttar fisekindustrien på Ellingsøya. Styreleiar Paul Harald Leinebø meiner Ålesund kommune må tenkje seg nøye om, før "dei øydelegg meir enn dei reparerer", som han uttrykker det.

– Eg veit kor følsame marknadane kan vere seier, Leibeø.

Portrett av mann

Paul Harald Leinebø er styreleiar i Fiskebåt Vest, og er skeptisk til at det blir etablert eit stranddeponi ved Ellingsøyfjorden.

Foto: Fiskebåt

Og omsynet til marknaden uroar bedriftene på Ellingsøya.

Omdømmemessig vil det få store konsekvensar å få eit slikt deponi på andre sida av fjorden. Sjølv om deponiet skal vere forsegla slik at det ikkje skal kunne lekke ut gift, vil det vere øydeleggande for det gode rykte til norsk sjømat å få eit slikt deponi ved fjorden, seier Tormod Thomsen.

Kvikksølv, bly og kopar er mellom dei giftige stoffa som er i mudderet i Aspevågen. Uttaket av mudderet skal skje i samarbeid med Kystverket, og planen er at arbeidet skal kome i gang i 2018.