Hopp til innhold

Slik blir sjukehussaka i lagmannsretten

Onsdag startar ankesaka om sjukehusstriden på Nordmøre og i Romsdal. Saka kjem til å gå over fire dagar. Helseminister Bent Høie skal vitne via videolink.

Vitner i lagmannsretten - sjukehussaka

Dette er nokre av vitna i sjukehussaka. Øvst frå venstre: Jan Høegh, Astrid Eidsvik, Espen Remme, Bent Høie, Marthe Styve Holte, Stein Kinserdal, Kjell Neergaard og Ola T. Strand.

Foto: NRK/Scanpix

For vel eitt år sidan tapte Kristiansund kommune sjukehussaka i tingretten. Kommunen hevda vedtaket om å byggje eit nytt, felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal i Molde skjedde etter ein pill roten prosess, der utfallet av saka var bestemt på førehand.

Tidlegare administrerande direktør Astrid Eidsvik var eitt av vitna den gongen. Ho hevda Helse Midt-Noreg hadde bestemt seg på førehand, også før ho var ferdig med utgreiingsarbeidet.

Camilla Selman

Advokat Camilla Selman frå advokatkontoret Hjort representerer Kristiansund kommune.

Foto: Pressefoto / Advokat Hjort
Erik Bratterud

Regjeringsadvokat Erik Bratterud representerer Helse Midt-Noreg.

Foto: Terje Reite / NRK

Dei aller fleste vitna som skal delta i lagmannsretten var også med i førre runde. Men i Trondheim kjem det også til å dukke opp vitne som ikkje var til stades sist. Det er Jan Høeg, Petter Bjørdal og Espen Remme.

Jan Høegh var partnar i Holte Consulting som leverte kvalitetssikringa av idéfaserapporten som Helse Møre og Romsdal laga i samband med val av tomt. Rapporten var svært kritisk til arbeidet som var gjort i samband med tomtevalet. I samband med framlegginga av rapporten blei det også hevda at Molde næringsforum forsøkte å påverke konsulentane i Holte Consulting. Dette blei den gong avvist av Jan Høegh, som altså no skal vitne i retten.

Det andre nye vitnet er styremedlem i Helse Møre og Romsdal, Petter Bjørdal. Han gjekk inn for Hjelset som tomt for det nye sjukehuset under styrebehandlinga i Helse Møre og Romsdal.

Også administrerande direktør Espen Remme skal vitne denne gongen. Remme Han var tidlegare strategi- og utviklingsdirektør i Helse Møre og Romsdal, og var sentral i arbeidet med å greie ut tomtevalet for det nye sjukehuset.

Trondheim tinghus

Rettssaka går for Frostating lagmannsrett i rettssal 102 i Trondheim tinghus.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Onsdag 7. juni startar saka, som etter planen skal vere avslutta måndag 12. juni. Olav Magnus Hohle er lagdommar og leiar rettsaka. Advokatane Camilla Selman og Kristian Brandt frå advokatfirmaet Hjort representerer Kristiansund kommune, medan regjeringsadvokat Erik Bratterud representerer Helse Midt-Noreg.