Hopp til innhold

Tilbake i heimlandet etter arrestopphald

Reketrålaren «Remøy» kom til Tromsø laurdag.

Remøy

Reketrålaren «Remøy» ved kai kos Troms fryseterminal i Tromsø. F.v.: Skipper Kjetil Ervik, fabrikksjef Jan Rune Holmeset og reiarane Kristin og Olav Remøy.

Foto: Sveinung Åsali / NRK

Skipper Kjetil Ervik seier til NRK at det er godt å kunne kome til ei norsk hamn igjen, etter å ha vore vekke i meir enn åtte veker.

Reketrålaren vart halden tilbake i Murmansk av russiske styresmakter i tre veker, etter at Fiskeridirektoratet hadde gjort feil ved utfylling av eit skjema.

– Det ufrivillige opphaldet har vore krevjande. Vi har ikkje visst kor lenge dette skulle vare. Vi har ikkje visst når vi kunne få kome heim, seier Ervik.

– Kvifor fekk de dra no?
– Vi veit ikkje. Vi fekk berre melding om at vi kunne dra. Då var det berre å starte motoren og kome seg av garde.

– Det vart ein spesiell tur. Noko å fortelje barnebarna, seier Kjetil Ervik smilande.

Kjetil Ervik

– Det har vore krevjande, men vi har det bra, seier skipper Kjetil Ervik.

Foto: Sveinung Åsali / NRK

Laurdag ligg båten og lossar reker i Tromsø. Dei gjer seg klare til ein ny tur, truleg til Hopen og Svalbard.

Skifte av mannskap

Nytt mannskap kjem om bord, og det avtroppande mannskapet får reise heim.

Remøy i Tromsø

Laurdag var det lossing av reker ved Troms fryseterminal i Tromsø.

Foto: Sveinung Åsali / NRK

Reiar og eigar Olav Remøy seier at han har venta på dagen i dag, når reketrålaren er tilbake i Noreg.

– Det er ein god dag!
– Får dette nokre konsekvensar eller noko etterspel?
– Til no har vi berre tenkt på å få båten ut frå Murmansk. Alt det andre får vi ta seinare, seier Olav Remøy.

Laurdag drar «Remøy» ut på tur med nytt mannskap. Av det gamle mannskapet fekk 9 reise heim mens båten lå i Murmansk og resten dreg heim laurdag og søndag. Så er det klart for eit nytt mannskap på 17 som skal komme om bord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL