Hopp til innhold

–Usemje om økonomi var avgjerande for tomtevalet

Kristiansund sin advokat hevda at alt for høge tal for kostnader og areal førte sjukehuset så langt sør som mogleg. Regjeringsadvokaten hevda at økonomien var ein nøytral faktor og var lik for både Storbakken og Hjelset.

Camilla Selman og Erik Bratterud

Camilla Selman representerer Kristiansund kommune medan Erik Bratterud representerer Helse Midt-Noreg.

Foto: Terje Reite / NRK

Kristiansund kommune hadde endra strategien til behandlinga i lagmannsretten. Medan den dåverande kommuneadvokaten brukte formuleringar som «ein pill roten prosess», la den noverande advokaten, Camilla Selman vekt på funksjonen til dei økonomiske utrekningane i forkant av tomtevalet.

Arbeidet med planlegginga av nye sjukehus er delt inn i fleire fasar. I forkant av vedtaket om tomteval var Helse Møre og Romsdal inne i idéfasen. Dette er ei grovskisse som løftar opp dei prinsipielle sidene. I Helse Møre og Romsdal sitt tilfelle blei det også bestemt at tomtevalet skulle vere ein del av idéfasen. Når denne fasen var over skulle ein gå over til den endå grundigare konseptfasen.

Overvurdert arealbehov

Under arbeidet med idéfaserapporten blei det gjort overslag over behov for areal. Med utgangspunkt i dette arealbehovet blei det også gjort ei kostnadsvurdering.

Her er begge partane samde om at det blei teke for hardt i og at metoden som blei vald førte til at det blei registrert eit for omfattande arealbehov og for store kostnader.

– Feilen i utrekningane av kostnader oppstod fordi talet på rom og operasjonsstover blei sett alt for høgt. Alle tal blei runda oppover, sa advokat Camilla Selman under behandlinga i Frostating lagmannsrett onsdag.

Høge kostnader

Dermed enda ein opp i eit sjukehus med eit areal på 80.000 kvadratmeter og med kostnader på nær 6 milliardar, nesten to milliardar kroner meir en det var dekning for i budsjetta.

I retten blei det hevda at desse utrekningane fekk direkte følgjer for korleis nokre av styrerepresentantane vurderte tomtevalet. Nestleiar i styret i Helse Møre og Romsdal, brukte desse tala som argument for å velje Hjelset. Han hadde tidlegare støtta Storbakken i Kristiansund men valde å gå inn for Hjelset når saka skulle avgjerast.

Petter Bjørdal blei sitert slik av Kristiansund kommune sin advokat, Kristian Brandt under rettsmøtet onsdag:

– Eg må tilstå at dette har vore ei reise for meg. Eg har støtta lokalisering på Storbakken. For meg var reisetida avgjerande, ikkje berre for dei på Smøla men også for sokkelen, sa Bjørdal ifølgje Brandt.

Lagmannsretten sjukehussaka

Kristiansund sin delegasjon i lagmannsretten.

Foto: Terje Reite / NRK

– Samarbeid med Ålesund

Advokat Kristian Brandt leste vidare frå ei utskrift av videoopptak frå styremøtet i Helse Møre og Romsdal der vedtaket blei gjort. Ifølgje denne utskrifta var Petter Bjørdal klar på at det var opplysningane om økonomi som hadde fått han til å skifte synspunkt. Kostnadene hadde stige frå i overkant av 4 milliardar kroner til ein stad mellom 5,6 og 5,8 milliardar. Slik blei Bjørdal sitert i retten i dag:

– Korleis i mi arme råd skal vi få til dette? Vi må ha eit solid økonomisk fundament. Kva gjer vi i situasjonen vi står i no? Slik eg ser det kan vi unngå doble funksjonar og samle det der vi kan, sør i regionen. Det er i sør vi kan få til eit samarbeid mellom Ålesund og Molde, sa Petter Bjørdal ifølgje Kristiansund kommune sin advokat.

Petter Bjørdal er kalla inn som vitne seinare i behandlinga i lagmannsretten.

– Økonomien var lik for begge

Helse Midt-Noreg sin advokat, regjeringsadvokat Erik Bratterud hadde eit heilt anna syn på tala i idéfaserapporten. Han var samd i at tala var sett for høgt og at tal var blitt konsekvent runda av oppover. Men han hevda at måla for areal og kostnader ikkje var grundig utgreidde i idefaserapporten. Dette skulle kome i neste fase, i konseptrapporten. Dessutan var tala like for Storbakken og for Hjelset og var dermed ein nøytral faktor, meinte han.

– Økonomiske forhold og arealbehov var ikkje ein faktor i valet mellom det eine eller det andre alternativet. Økonomien var lik for begge alternativa, det var eit nøytralt element, sa regjeringsadvokat Erik Bratterud.

Kristiansund kommune krev at vedtaket om å legge det nye sjukehuset til Hjelset blir kjent ugyldig, medan Helse Midt-Noreg meiner det ikkje har skjedd noko gale og at vedtaket skal bli ståande.