Hopp til innhold

Varmerekordane gir lågare sydensal

Ifølgje meteorologane er dette den varmaste sommaren på ti år. Det gjer at talet på restplassar skyt i vêret.

Talet på ledige restplassar på charterturar til Syden er høgare enn på mange år. Ifølgje meteorologane er dette den varmaste sommeren i Møre og Romsdal dei siste ti åra, og dermed er det mange som heller nyter sola på heimlege trakter.

Talet på restplassar går opp når varmen i Noreg går opp.

Strendene er fulle og forklaringa er enkel: Sommaren 2014 er av den verkeleg varme sorten.

I Møre og Romsdal er det den varmaste på ti år. Då er det mange som ikkje reiser til Syden.

Det er vits i det no. Det er så fint heime, bortasta pengar, seier Therese Sortehaug.

Ho er éi av mange som vel norske badestrender i solsteika.

Kristina Johannessen

Kristina Johannessen i Ticket fortel om auka tal på restplassar.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Ikkje betre i Tyrkia

For Maria Farstad er vêret i Noreg det same som ho opplevde når ho faktisk reiste på ferie.

– Eg synest det er finast å vere heime. Og vi har faktisk hatt same temperaturane her som vi hadde første veka i Tyrkia, fortel ho til NRK.

Varme i Noreg er kjærkome for dei fleste, men norske reisebyrå merkar at restplassar ikkje blir selt.

– Heilt anna utval enn før

Kristina Johannessen er seljar i Ticket og fortel om langt rolegare dagar i år samanlikna med i fjor.

– Då hadde vi langt større pågang frå dei som måtte ha sol og varme, seier ho.

I år har vi blitt skjemde bort med sol og fint vêr heime. Då er tilbodet eit heilt anna i restplass-marknaden.

Isabel Trustrup

Isabel Trustrup fortel om meir bading i 2014 enn noko år tidlegare.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det er fleire enn tidlegare og eit heilt anna utval enn før. Før har det vore få plassar, medan det no ofte er mange plassar, opplyser Johannessen.

Trur på brutal straff

I Molde og på Nordmøre står badegjestane i kø med varmerekord.

– Eg har ikkje bada så mykje som no før, smiler Isabel Trustrup.

Smil i sola kjem derimot ikkje til å gå ustraffa, trur dei badande.

– Det er berre å nyte det, for dette får vi svi for, trur Therese Sortehaug.

– Vi kjem no til å bli straffa for det etter kvart, trur Yngve Strand.

Therese Sortehaug

Therese Sortehaug meiner det å betale for sola i sommar er bortkasta pengar.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK