Hopp til innhold

Væpna politifolk arresterte mann

Sju politifolk rykte ut etter melding om skyting.

Politi

Mannen som skaut mot elva Eira i Nesset vart arrestert klokka 01.30. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Politiet fekk melding om skyting ved elva Eira i Nesset fredag kveld. To skot var fyrt av mot elva.

– Det er klart vi tar det alvorleg når folk skyt rundt seg seint på kvelden, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp i politiet tikl NRK Møre og Romsdal.

Mannen fyrte av to skot mot elva. Ingen andre var involverte.

Politimannskap rykte ut frå Sunndal, Kristiansund og Molde. Dei fann sunnmørsmannen åleine i ei hytte som han leigde på staden. Væpna politifolk arresterte han klokka 01.30. Våpenet til mannen vart beslaglagt.

– Han skal avhøyrast laurdag, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL