Hopp til innhold

Vil bevare lokale bestandar av kysttorsk

I ti år har Havforskingsinstituttet jobbar med ei omfattande kartlegging av gyteområde langs heile norskekysten. No er det området mellom Ålesund og Molde som blir undersøkt – som eitt av dei siste.

Med håp om å bevare lokale bestander av kyst-torsk i fjordene, jobber Havforskningsinstituttet med ei omfattende kartlegging av gyteområder langs hele norskekysten.
Arbeidet har pågått i ti år, men nå er det området mellom Ålesund og Molde som blir undersøkt - som et av de siste.

Møre og Romsdal er nest sist ut i den omfattande kartlegginga av gytefelt.

– Det vi prøver å finne ut er kor torsken inne i fjorden gyt hen. Då køyrer vi denne håven ned på 50 meters djup, trekk den opp igjen og forhåpentlegvis er det ein del egg frå fisk oppi her. Det er det vi er på utkik etter, seier forskar Sigurd Espeland ved Havforskingsinstituttet.

Berre førre veke blei det samla inn rundt 5.500 egg og larvar i området mellom Ålesund og Molde. I nokre fjordar, som i Ellingsøyfjorden, fann forskarane langt fleire egg og larvar enn i den nærliggjande Grytafjorden.

– Alle desse gytefelta som ingen visste om før, og som ein ikkje har hatt moglegheit til å ta omsyn til før. No har vi fått dei ned på eit kart og då kan ein gjere vurderingar når ein skal gjere ting i kystsona, seier Espeland til NRK.

Målet med kartlegginga, bestilt av Nærings- og fiskeridepartementet, er å bevare dei lokale bestandane med kysttorsk. Møre og Romsdal er nest sist ut, berre Finnmark står att.

Sigurd Espeland

Forskar Sigurd Espeland ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK