Hopp til innhold

– No er det på tide vaksinen vert gratis

Etter det blei påvist hjernehinnebetennelse hos russen i Bodø, delar kommunen ut gratis vaksinar og antibiotika. Den same vaksinen måtte ein betale 400 kroner for tidlegare.

Elisabeth Vorren og Erlend Skaug Ingebrigtsen

FEKK EIN STØKK: Russepresidentane på dei to vidaregåande skulane i Bodø, Elisabeth Vorren og Erlend Skaug Ingebrigtsen seier russen fekk seg ein støkk då sjukdomen trefte.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

– Den vaksinen kan jo faktisk vere livsviktig, seier russepresident ved Bodø vidaregåande skule Erlend Skaug Ingebrigtsen.

Denne veka blei ein russ i Bodø i Nordland lagt inn på sjukehus med smittsam hjernehinnebetennelse. Sjukdomen treff personar som har lågt immunforsvar, og kan vere særs alvorleg. I 2015 døydde ein 19 år gamal gut av betennelsen. Han var også russ.

– Vi vil no at vaksinen skal gjerast gratis, slik at ein kan unngå dette igjen, seier Ingebrigtsen.

Russ

NAUDVAKSINE: Russ som ikkje tok vaksine mot hjernehinnebetennelse før mai, fekk tilbod om å gjere det gratis etter utbrottet. Her får Marius Frantzen sprøyta av helsesøstera Karin Snøve Wiik.

Foto: Kari Skeie / NRK

Tilbaud gratisvaksine – etter sjukdomen trefte

Dagen etter det blei påvist hjernehinnebetennelse, delte Bodø kommune ut gratisvaksinar og oppretta ei eiga telefonlinje for uroa ungdom og foreldre. Dagen etter det att gav kommunen ut penicilintablettar til endå fleire.

– Me er utruleg takksame for det Bodø kommune no gjer, men russen har i fleire år ynskja at vaksinen skal verte lettare tilgjengeleg, seier Ingebrigtsen.

Hadde ein høyrd på russen kunne ein kanskje unngå dette.

Erlend Skaug Ingebrigtsen, russepresident
Utdeling av antibiotika
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ungdomspartia ueinige

Unge Høgre er ikkje heilt einige med Bodørussen. Politisk rådgjevar Phillip André Charles skriv til NRK i ein e-post:

– Eg avviser ikkje gratis vaksine fullstendig, men meiner systemet er bra som det er. Det er viktig at kommunar føl Bodø sitt eksempel og gjev ut vaksinen gratis når slike situasjonar oppstår.

AUF-leiar Mani Hussaini er meir einig med russen sjølv.

– Dagens system fungerer jo ikkje. Det ser ein jo i Bodø. Ungdom vil eller kan ikkje bruke pengar på vaksinar, og då er dei meir utsette, seier Husseini.

Mani Hussaini

FUNGERER IKKJE: AUF-leiar Mani Hussaini meiner dagens system ikkje verkar, og støtter russen i deira ynskje om gratis vaksinar.

Foto: Kristoffer Klunk / AUF

Men vaksinane er dyre. Ungdom betalar mellom 200 og 700 kroner. Seier ein 500 kroner per russ, vert det 450.000 kroner berre i Bodø med deira 900 russ.

– Ja, men vi vaksinerer oss mot ande dødelege sjukdomar, slik som hjernehinnebetennelse. Difor meiner vi dette er ei nødvendigheit fellesskapet må vere med og betale for, seier Husseini.

Held håpet oppe

I radiostudioet står russepresident Ingebrigtsen og snufsar medan han er på lufta.

– Du er ikkje redd for å verte sjuk?

– Neidå, eg stolar på at helsepersonellet og kommunen veit kva dei driv med. Hadde det vore ein stor risiko no hadde vi avbrote russefeiringa, seier Ingebrigtsen.

Han seier at sjukdomen sette ein dempar på stemninga, men at feiringa ikkje er over.

– No tek vi ein skål for at alle held seg friske og at han som blei lagt inn på sjukehuset kjem seg til hektene att, smiler Ingebrigtsen.

Helsetjenesten i Bodø deler ut antibiotika til russ. Lofot bandet "Lyse Netter" platedebuterer. En guttesopran i verdens klasse kommer på besøk. Og nå tar vi flere bilder med mobilen vår enn med et vanlig kamera.

Høyr Russepresidentane Elisabeth Vorren og Erlend Skaug Ingebrigtsen prate om hjernehinnebetennelse.