Hopp til innhold

Barth Eide tilbake i forsvarspolitikken

Tidlegare forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap) gjer comeback til forsvarspolitikken i stordebatt på Andøya i Nordland.

Espen Barth Eide

FORSVARS-COMEBACK: Espen Barth Eide var forsvarsminister i Jens Stoltenberg si andre regjering, og har jobba hjå FN sidan då.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvarets mediesenter

– Eg trur vi får ein skikkeleg spanande debatt, seier debattleiar Kristian Leerstang Sørensen.

23. juni vert det forsvarsdebatt på Andøya flystasjon med talspersonar frå alle partia. Stortinget sitt vedtak om å leggje ned flystasjonen har skapt sterke reaksjonar både i lokalsamfunnet og resten av landet.

Flyplassen er ein hjørnestein i øykommunen, og befolkninga gjev ikkje opp debatten, sjølv om eit vedtak er fatta. Med seg har dei mellom anna prosentklatraren Trygve Slagsvold Vedum. Senterparti-leiaren vil bevare anlegget, og kjem også på debatten i slutten av juni.

– Forsvaret er utruleg viktig for Nord-Noreg og det engasjerer mange. Vi skjønar godt partileiarar prioriterer å kome, seier Sørensen.

Innbyggerne på Andøya samles for å bevare flystasjonen

STORT ENGASJEMENT: Folket veit at nedlegging av Andøya vil gjere stor skade på lokalsamfunnet.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Gjer forsvars-comeback

Ein av dei Sørensen er mest stolt over å få til debatten er Arbeidarpartiet sin representant; tidlegare forsvarsminister Espen Barth Eide. Etter regjeringsskifte i 2013 har han vore spesialrådgjevar for FN på Kypros.

– For tida fokuserer eg på mitt arbeid for FN, men eg gler meg til å ta fatt på ei sak som engasjerer so mykje som Andøya gjer, seier Barth Eide.

– Vi har jobba ganske lenge med å setje saman eit breitt debattpanel, og vi er ganske nøgd med korleis det ser ut no, seier Sørensen.

Det er forståeleg at politikarane set av mykje tid til debatten, ettersom Forsvaret står for mange arbeidsplassar i dei nordlegaste fylka.

– Det er jo eit valår, so det er klart mykje står på spel for alle partia, seier Sørensen.

P3 Orion

ORIONFLY: Forsvaret har ein Orion-base på Andøya. Herfrå lettar rekognoseringsfly som flyg langs kysten og mot Russland.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Men vert debatten objektiv?

Debatten på Andøya vert arrangert av ei lokal aksjonsgruppe, Bevar Andøya Flystasjon. I Facebook-gruppa deira er det over 26.000 medlem frå heile landet. Dei meiner at avgjersla om å leggje ned flystasjonen skjedde for raskt og utan godt nok faktagrunnlag.

– Kan ein i det heile teke vente seg ein objektiv debatt?

– Ja. Det vil vi heilt klart få, svarar Sørensen raskt.

– Vi har heile vegen vore klåre på at dette er ein forsvarsdebatt som skal handle om langtidsplanen. Alt ligg jo til rette for å ta opp Andøya flystasjon, men debatten skal ikkje berre handle om det, seier Sørensen.

– So debatten skal handle om Forsvaret og ikkje lokalsamfunnet på Andøya?

– Det er klart at desse temaa vil bli tatt opp, men det er ikkje hovudfokus for debatten, svarar Sørensen.

Kristian Leerstang Sørensen

ENGASJERT: Kristian Leerstang Sørensen er oppvaksen på Andøya, og har vore engasjert for flystasjonen i lang tid.

Foto: Privat