– Vi kan spare både pengar og miljøet. Dette vil løne seg for alle, seier Svein Eggesvik frå Senterpartiet, fylkesråd for samferdsel.
Nord-Noreg eksporterte fisk for 32,9 milliardar kroner i 2016, ifølgje Indeks Nordland. Men denne eksporten går på trailerar og tog til anten Oslo eller nabolanda, sjølv om Nord-Noreg har gode flyplassar.
– Det er faktisk åtte prosent kortare å reise frå Bodø til Kina enn det er frå Oslo. Det vil spare miljøet mykje, seier Eggesvik.
- Les også:
Umodent konsept
Transportutvikling AS laga ein studie for Nordland Fylkeskommune som syner eit stort potensial for utgåande flyfrakt frå Nordland. I dag skjer eksporten frå andre flyplassar, i hovudsak Gardermoen, men også Sverige og Finnmark.
– Ikkje nok med at ein får ei kortare flyrute, men ein slepp også å køyre heilt til Oslo med trailer. Det vert positivt for miljøet, seier Stig Nerdal, dagleg leiar i Transportutvikling AS som har skriven studien.
Men det er ikkje berre-berre å legge om infrastrukturen til næring i ein heil landsdel.
– Dette er ingen ny ide, men det er eit umodent konsept. På Gardermoen gjer dei store investeringar og infrastrukturen ligg til rette for eksport. I Nordland må vi ha noko å vise fram før selskap kan vurdere å flytte eksporten til lokale flyplassar, seier Nerdal.
I ein rapport av SINTEF frå 2012, anslår dei at havbruksproduksjonen i Noreg vil femdoblast innan 2050.
– Dette gjer det endå meir aktuelt å førebu eksport frå regionen, seier Nerdal.
- Les også:
Fleire utfordringar
I tillegg til ein heilt ny infrastruktur kring flyplassane, er det eitt til stort problem som må løysast; kva skal flya fyllast med på veg heim att frå Kina eller USA?
– Då treng vi nye næringar som vil importere varer. Desse må også på plass for at slik eksport kan verte aktuell, seier Nerdal.
Det Transportutvikling AS konkluderer med i sin studie, er at ein kan spare både miljøet og pengar mykje ved å flytte eksporten. Men ein ny infrastruktur og næring som fyller flya heim att er kravd for å lukkast.
– Dette er eit spanande konsept. Om prognosane om vekst i oppdrettsnæringa slår til, er det ei formidabel moglegheit for heile Nord-Noreg.
- Les også: