Hopp til innhold

Storøving på Andøya går mot slutten

Samtidig som verdas største krigsskip, USS «Gerald R. Ford», ligg i Oslo, går den amerikansk-leia øvinga Formidable Shield 23 mot slutten, melder Forsvaret.

Øvinga har føregått på Andøya og ved Hebridane i Skottland.

Øvinga er ei maritim skarpskytingsøving der 13 allierte nasjonar har trena på integrert missil- og luftforsvar. Ho har lagt til rette for trening innanfor høgaktuelle område mellom forsvarsgreinene og mellom allierte.

Det er med andre ord ei av få øvingar som inkluderer alle domene. Ifølge Forsvaret gjer dei dette for å kunne forsvare seg mot heile spekteret av truslar på land, under vatn, i lufta, i rommet og i cyberdomenet.

– Dette er noko av det mest avanserte både NATO-nasjonar og Noreg gjer for å utvikle fagfelt, konsept og taktikk. Moderne krigføring krev at vi jobbar saman for å få til eit effektivt felles missil- og luftforsvar, fortel øvingsleiar for Sjøforsvaret og kommandør Frote Røte.

Det er «STRIKFORNATO» og den amerikanske sjetteflåta som har leia øvinga og som er taktisk sjef. Noreg har hatt representantar med i øvingsplanlegginga og har i tillegg fungert som vertsnasjon for første del av øvinga.

– Vi har leia skarpskytingane som har føregått på – og utanfor Andøya og har støtta skytingane saman med Andøya Space, seier øvingsleiaren.

Skytefelta til Andøya Space er godt eigna til denne typen øvingar, då skarpskyting med missil ikkje kan bli gjennomført kor som helst.

Formidable Shield 23
US Marines firing HIMARS during
exercise Formidable Shield 23
Foto: Odin Kjendalen / Forsvaret