Hopp til innhold

Difor blir dei ikkje ferdige med bompengar

Kvifor pratar regjeringspartia framleis så mykje om bompengar, og kvifor er det så vanskeleg for dei å bli samde?

Siv Jensen og Trine Skei Grande

TEK TID Å BLI EINIG: Siv Jensen og Trine Skei Grande er enno ikkje samde om korleis dei kan løyse bompengekrangelen i regjeringa.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

1. Kva er bakgrunnen for bompengebråket?

Allereie i januar vart dei fire partia Høgre, Venstre, KrF og Frp samde om samferdslepolitikken og klimapolitikken her i landet, då dei skreiv under på regjeringserklæringa si. Korleis kan dei då vere så usamde berre eit halvt år seinare?

Det viktigaste som har skjedd sidan den gong er at det nye partiet Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) gjer det bra på meiningsmålingane. I Bergen har dei fått meir enn 20 prosent oppslutnad på mange meiningsmålingar, i Oslo får dei rundt 7 prosent på fleire.

I same tidsperiode har Framstegspartiet gått jamt nedover på meiningsmålingane. Før dei gjekk inn i regjering var eit av dei viktigaste løfta til partiet at nivået på bompengane i Noreg skulle gå kraftig ned, men i staden har dei gått kraftig opp dei siste seks åra. Mange i partiet tenkjer difor at det er naudsynt å svare på veksten til bompengepartiet med å kutte bompengane.

I juni vedtok landsstyret i Frp seks krav til nye bompengekutt, som eit svar på framgangen til FNB. Venstre svarte at det ikkje var aktuelt å byrje å forhandle om dette så kort tid etter at partia var blitt samde om regjeringserklæringa.

Fleire i Frp har truga med å gå ut av regjering om gjennomslaga ikkje er gode nok.

Likevel har saka rulla og gått, og førre veke gjorde landsstyret i Frp eit nytt vedtak. Denne gongen sa dei ja til ei heilskapleg skisse der det står at regjeringa skal bruke mange milliardar kroner på å redusere bompengane, men samstundes bruke meir pengar enn før på kollektivtransport i byane.

Venstre har forkasta denne skissa, fordi dei meiner at den vil føre til meir biltrafikk i byane. Likevel er dei ikkje lenger avvisande til å forhandle om nye løysingar.

2. Kvifor er det så vanskeleg for Frp og Venstre å bli samde?

Hovudgrunnen til at det er så vanskeleg for regjeringa å bli samde om ei retning vidare for bompengenivået, er at Venstre og Frp er grunnleggjande ueinige om kva utfallet bør bli for norske byar.

Frp er veldig opptekne av at det må bli billegare å køyre bil gjennom bomringane i byane, men Venstre er like opptekne av at biltrafikken i byane ikkje kan auke. Dei fryktar at dersom det blir for billeg å køyre bil, så vil fleire gjere det.

Konflikten blir forsterka av at begge dei to partia gjer det dårleg på meiningsmålingane, og har eit stort ønske om å kunne skryte av ein stor siger i valkampen. Frp vil gjerne skryte av at dei har kutta i bompengane, medan Venstre vil skryte av at dei satsar på kollektivtransport og gjer byane grønare.

Det er rett og slett vanskeleg å gjere begge deler.

Kjelder i Venstre har sagt til NRK at det viktige for Venstre er at styrkeforholdet mellom satsing på kollektivtransport og bompengereduksjon er slik at kollektiv er vinnaren.

Kjelder i framstegspartiet har sagt at eit viktig poeng for dei er at Venstre er eit mykje mindre parti, og at dei difor ikkje kan få like store gjennomslag som Frp.

I tillegg er begge partia uroa for at om det no blir brukt mykje pengar på å gjere begge fornøgde, så vil pengane bli tatt frå noko anna dei har kjempa fram i regjeringsforhandlingane.

MAGNUS TAKVAM FORKLARER: Kvifor bompengesituasjonen er så vanskeleg for Frp.

3. Kvifor har bompengar blitt ei så viktig sak i ein lokalvalkamp?

Det kan vere bompengar både på riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar. Likevel er dei bompengane det her er snakk om veldig ofte knytt til det som heiter bypakkar.

Då går ikkje berre bompengane til å betale for nye vegar, men også til å finansiere kollektivtransport og sykkelvegar. Her er det kommunestyra som bestemmer kor mykje dei vil ta inn i bompengar, og så stiller staten opp med halvparten av pengane som dei treng for å betale for dei ulike prosjekta.

Når det no er tale om å forandre på desse pakkane og auka den statlege delen frå halvparten til 70 prosent, går det dermed rett inn i mange lokalpolitiske diskusjonar rundt om i byane.

Christian Tybring-Gjedde

VIL IKKJE FORHANDLE MEIR: Christian Tybring-Gjedde har sagt at det var så vidt at Frp vedtok skissa på landsstyremøtet sitt, og at det difor ikkje er aktuelt å forhandle meir.

Foto: Anders Brekke / NRK

4. Har dei noko tidsfrist på seg?

Siv Jensen har uttrykt eit ønske om at denne striden no snart må bli ferdig, men framleis insisterer ho på at Frp er ferdige med å forhandle. Kjelder frå fleire parti seier til NRK at den siste fristen for å få til ei løysing er onsdag 28 august. Då skal nemleg dei fire regjeringspartia ha budsjettkonferanse, og sidan denne avtalen mest truleg flyttar på fleire milliardar kroner, kan han få store konsekvensar for resten av budsjettet.

5. Kva kan ei mogleg løysing vere?

Både Framstegspartiet og Venstre seier at dei ikkje har diskutert om dei skal gå ut av regjeringa no. Sjølv om dei to partia er rykande ueinige, ser dei altså ut til å ha trua på at det skal vere mogleg å finne ei løysing.

Kjelder i Venstre sa til NRK tysdag at løysinga må vere å bruke meir pengar på kollektivtransport og mindre på å redusere bompengar, enn det mykje omtalte skissa legg opp til. Christian Tybring-Gjedde i Frp seier at det var så vidt partiet hans gjekk med på å den skissa, og at det ikkje er aktuelt å gå med på noko som gir endå meir til kollektivtransport.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger