Hopp til innhold

Fryktar unge skriv under på kontraktar dei ikkje forstår

LO måtte bruke juristar for å forstå ein kontrakt på over 30 sider til ein ungdom i sommarjobb. Arbeidstakarorganisasjonen fryktar ein trend på kanten av lova.

Restaurant

SOMMARJOBB: Mange unge får si første erfaring i arbeidslivet gjennom ein sommarjobb. Illustrasjonsfoto.

Foto: colourbox

Arbeidstakarorganisasjonen LO meiner større og meir omfattande kontraktar er ein trend som er med på å utnytte unge arbeidstakarar mot ytterkanten av lovverket.

Pål Henriksen Spjelkavik LO Ungdomsrådgiver

TREND: Ungdomsrådgjevar i LO Pål Henriksen Spjelkavik meiner dei ser ein trend med lange kontraktar.

Foto: Hedvig Bjørgum / NRK

– Fleire av dei bedriftene der vi tidlegare har funne brot på lovar og reglar får no unge arbeidstakarar til å signere juridisk bindande dokument på over 30 sider. Slik utnyttar dei unge arbeidstakarar, seier ungdomssekretær i LO Pål Henriksen Spjelkavik.

Møter ungdom som er misnøgd og forvirra

Kvart år undersøkjer LO sin sommarpatrulje arbeidsforhold over heile landet.

I fjor vart dei ringt opp av ungdommar som var misnøgde og forvirra av lange juridiske dokument.

– Dette stiller store krav til ungdommane. Vi måtte sjølv bruke tid med våre juristar for å tolke enkelte av kontraktane, seier Spjelkavik.

Han viser til arbeidstilsynet sin standardkontrakt som er på om lag ei side.

Dette er årsaka til at LO allereie i mai opna sine hjelpelinjer, der ungdom kan ta kontakt for spørsmål om kontrakt og arbeidsforhold.

Kontrakt på over 30 sider

NRK har fått tilgang på kontraktar på over 30 sider med reglar og bestemmingar for arbeidsplassen. Dette meiner både LO og Virke er ein uting.

Foto: Espen Breivik / NRK

Virke: Vil ikkje teikne eit dystert bilete av næringa

Vibeke Hammer Madsen

EINIG: Vibeke Hammer Madsen i Virke er glad for at LO og Virke arbeidar for å sikre seriøse arbeidsforhold.

Foto: Virke

Virke, tenestenæringa sin hovudorganisasjon, delar synet på lange kontraktar som ein uting.

– Skal du inn og gjere ein sommarjobb fortener du ein enkel og oversiktleg kontrakt, seier administrerande direktør Vibeke Hammer Madsen.

Ho meiner likevel dei fleste arbeidsgjevarar er seriøse.

– Dei fleste arbeidsgjevarane eg møter har orden i sysakene. Ungdom som får seg jobb i sommar får nok ei god oppleving. Det ser vi jo, fordi mange søkjer seg tilbake eller får fast jobb.

Virke har brukt tid på å minne sine medlemsbedrifter om kva som bør liggje til rette for å sikre gode arbeidsforhold.

Følg LO sin sommarpartulje på Hamar i 2016

Uroa over ti timar lange arbeidsdagar

I år er LO spesielt uroa over unge som jobba opp mot ti timar om dagen utan overtidsbetaling. Dette er lovleg, etter at det vart gjort endringar i arbeidsmiljølova i 2015, men arbeidstakaren må frivillig gå med på ein slik arbeidsdag. LO meiner ungdom vert pressa til lange dagar.

– Om valet er ein jobb på ti timar om dagen eller ingen jobb, så vil nok dei fleste skrive under, seier Spjelkavik.

På den andre sida seier Virke at det uansett ikkje er lovleg å arbeide meir enn det ein skal i løpet av sju dagar.

– Ved gjennomsnittsberegning kan ein jobbe opp mot ti timar, men då vert det mindre seinare, då det totalt skal vere ni timar om dagen. Om ikkje er det ulovleg, seier Madsen.

Ho trur også mange unge ynskjer å jobbe og tene mest mogleg når ein først har sjansen.

Laster innhold, vennligst vent..

AKTUELT NÅ