Hopp til innhold

Marit Christensen er død

Den tidlegare NRK-journalisten og forfattaren vart 73 år gammal.

Journalist, forfattar og føredragshaldar Marit Christensen er død.

DØD: Marit Christensen døde natt til fredag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ho døydde natt til fredag på Ullevål sjukehus etter kort tids sjukdom, seier familien til NRK.

Marit Christensen var journalist, programleiar og forfattar, men er mest kjend som den første kvinnelege Moskva-korrespondenten til NRK.

Ho var i dåtidas Sovjetunionen i fem år, men kallenamnet «Moskva-Marit» vart hengande.

– Som første kvinne i Moskva var ho eit førebilete og ein inspirator for mange, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen, som syns dødsbodskapen var trist å få.

Utanriksredaktør i NRK Sigurd Falkenberg Mikkelsen minnest evna og kunnskapen Christensen hadde til å forklare endringane som skjedde i landet.

– Ho tilhøyrer ei lang rekke av dyktige Russland- korrespondentar i NRK. Hendingane vi står oppe i no viser kor viktig den kunnskapen er, og som også Marit forvalta.

Christensen har også skrive fire bøker, og lese inn fleire lydbøker. I 2013 skreiv ho boka «Mora», eit omdiskutert portrett av mora til Anders Behring Breivik, Wenche.

Brukte russisk kvar dag

Christensen starta i NRK i 1977 etter journalistikkstudiet. Ho jobba med nyheiter og politikk, før ho i 1984 tok over som korrespondent etter Hans-Wilhelm Steinfeld.

– Dette er ei veldig trist melding å få. Eg hugsar ho som ei musikalsk dame og ei som var fantastisk flink i russisk, seier Steinfeld til NRK.

Marit Christensen som korrespodent for NRK i dåtidas Sovjetunion.

Marit Christensen var korrespondent i Moskva frå 1984 til 1989.

Foto: Janne Møller-Hansen / VG

Christensen vaks opp på Kampen og Ullern i Oslo. Ho dansa ballett, gjekk på skøyter, spelte piano og song i pikekoret til NRK.

Ho kom eigentleg inn på medisinstudiet, men ombestemte seg og valde heller å studere russisk ved Universitetet i Oslo.

– Det var eit vindauge til ei heilt anna verd. Ei verd som eg ville finne ut meir om, har Christensen sagt til VG.

Sidan har ho følgt med på Russland, og sa i eit portrettintervju i VG i mars at ho snakka russisk, las russiske aviser og såg russisk TV kvar dag.

Lærte russiske kvinner å strikke

Moskva-korrespondent Gro Holm vart kjent med Christensen då sistnemnde var vaktsjef i Dagsnytt.

– Ho var ein myndig og flink journalist. Veldig bestemt, men også veldig pedagogisk. Ho var ein god arbeidsleiar på desken.

Marit Christensen på då ho vart korrenspodent i Moskva i 1984.

Marit Christensen då ho vart korrespondent i Moskva i 1984.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Eg var stipendiat i Moskva medan ho var NRKs korrespondent der, og eg vikarierte faktisk for ho ein kort periode i 1987, seier Holm.

Holm trekkjer også fram Christensens språkkunnskapar som eineståande.

I tida som stipendiat hugsar eg at vi vart kjent med ein amerikansk korrespondent, frå ei av dei største avisene. Han meinte Marit var den av alle dei utanlandske journalistane i Moskva som snakka best russisk.

Holm seier Christensen makta å sjå andre sider av det russiske samfunnet – ikkje berre det politiske. Ho hadde eit breitt nettverk i russisk kunst og kultur.

Ho var og eit engasjert menneske. Og utradisjonell. Mellom anna hadde ho ei strikkemaskin i leilegheita til NRK. Nokre russiske kvinner fekk også opplæring på den, slik at dei kunne skaffe seg si eigen og tene litt ekstra pengar. På den måten fekk ho og kontaktar i det russiske og sovjetiske samfunnet, seier Holm.

NRKs første kvinnelige Russland-korrespondent ble 73 år.

NRKs første kvinnelege Russland-korrespondent vart 73 år.

– Kunnskapsrik og kreativ

Etter perioden som korrespondent vart Christensen programleiar saman med Per Ståle Lønning i underhaldningsprogrammet «For galleriet». Dei leia NRK-programmet på laurdagskveldane frå 1991 til 1992.

Seinare på 90-talet leia ho aktualitetsprogrammet Apropos på NRK2.

Programredaktør og tidlegare utanrikssjef i NRK Knut Magnus Berge seier at dødsfallet er triste nyheiter.

– Eg hugsar henne som ein kunnskapsrik og kreativ journalist med eit breitt interessefelt.

"For Galleriet" på NRK Programlederne fra v. Per Ståle Lønning og Marit Christensen sammen med vokalisten Morten Harket fra A-Ha.

Marit Christensen leia laurdagsprogrammet For galleriet i to år. Her er ho saman med medprogramleiar Per Ståle Lønning og Aha-vokalisten Morten Harket.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sjølv om dei fleste hugsar henne som «Moskva-Marit», hadde ho ein mangslungen NRK-karriere. Alt frå nyheiter til underhaldning og diverse sjefsstillingar, fortel Berge.

– Ikkje greitt å bli gammal og sjuk

I dei siste åra har Christensen slite med hjartet. Ho har hatt to hjarteinfarkt, og det siste utvikla seg til hjartesvikt.

– Det er ikkje greitt å bli gammal og sjuk. Gammal er greitt nok, men ikkje sjuk på same tid. Det anbefaler eg ingen, sa ho til VG.

Dei siste 20 åra har Christensen vore plaga med mykje sjukdom. I 2010 vart ho slankeoperert, og gjekk ned 90 kilo i vekt.

AKTUELT NÅ