Hopp til innhold

Tusenvis av bønder marsjerte i hovudstaden

Rundt 3500 bønder samla seg i hovudstaden i demonstrasjon mot regjeringa sin landsbrukspolitikk, etter at bondeorganisasjonane braut forhandlingane med staten.

Opptog for norsk landbruk

PROTEST: I følgje bondelaget har 3500 bønder samla seg i hovudstaden. Dei marsjerer frå landbrukets hus på Grønland i Oslo til Stortinget. Se flere bilder fra markeringen her.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Vi ville bli lagt merke til, seier generalsekretær i Bondelaget, Per Skorge.

Bønder frå alle delar av landet demonstrerte utanfor Stortinget tysdag. Protesten skjer etter at staten og bondeorganisasjonane braut jordbruksforhandlingane førre veke. Stridsspørsmålet står om inntektene til bøndene.

– Det handlar om å redusere inntektsgapet mellom oss bønder og andre grupper. Då vil vi sikre at det å bli bonde er eit attraktivt val, seier Skorge

Bønder i Oslo

I MARSJ: Bøndene gjekk gjennom Oslo. Frå landbrukets hus på Grønland gjennom Karl Johan til Stortinget.

Foto: Jon P. Petrusson / NRK

Bøndene vil ha ein milliard meir

Regjeringa sitt første tilbod var på 410 millionar kroner, bøndene ville ha 1,45 milliardar. Ein milliard kroner meir. Landbruksministeren meiner det er uforsvarleg i ei utfordrande tid for arbeidstakarar.

– Vårt tilbod ville gjeve bøndene betre inntektsutvikling i åra framover enn det andre grupper kan rekne med, seier han til NRK.

Bønder marsjerer i byen

LEVEN: Det gjekk ikkje stille for seg då bøndene gjekk gjennom hovudstaden.

Foto: JON P. PETRUSSON / NRK

Bondeorganisasjonen er ikkje einig i at forholda til bøndene er gode nok.

– Poenget er at norske bønder ligg langt etter. For oss handlar det om å redusere dette inntektsgapet. Stortinget har vedtatt at dette skal skje, det må også regjeringa ta inn over seg.

Opptog for norsk landbruk

TYDELEG BODSKAP: Framme ved Stortinget møtte bøndene opp med banner og plakatar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Handlar denne demonstrasjonen meir om politikk enn om det faktiske oppgjeret?

– Nei, det handlar om rammevilkåra for norsk matproduksjon. At vi skal klare produsere meir mat og løfte landbruket for framtida, seier han.

AKTUELT NÅ