Hopp til innhold

Vil ha bygde-rabatt på bensin og diesel

Arbeidarpartiet tek for alvor opp kampen om distriktsveljarane. Fleire lokallag vil ha billegare bensin og diesel der bussen ikkje går.

Ensom traktor ved en vei

MEIR ATTRAKTIVT: Lokallag i Ap meiner distrikta vert meir attraktive om drivstoffavgifta går ned.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK

Forslag om såkalla differensiert drivstoffavgift har kome frå både aust og vest, og skal opp til debatt på Ap-landsmøtet neste helg. Mykje tyder på at partiet går inn for avgiftskutt på bensin og diesel i Utkant-Noreg.

Vil gjere distrikta meir attraktive

Senterpartiet fossar framover på meiningsmålingane, og stel veljarar også frå Arbeidarpartiet. Kampen mot sentralisering er høgt på dagsorden.

Våler Ap er eit av lokallaga som meiner lågare bensinpris vil gjere distrikta meir attraktive.

– Vi har ikkje bussar og trikkar som fraktar til skule og fritidstilbod. Vi meiner difor drivstoffet må vere billegare der kollektivtilbodet ikkje er så utbreidd, seier Geir Thomas Finstad (Ap).

Men då kan jo folk i byen berre køyre til bygda for å fylle?

– Vi klarer aldri å heilgardere oss i slike situasjonar. Det bør uansett vere billegare i utkantane, for vi står ikkje i kø til buss og tog, seier Finstad.

Premisset må vere at det er skilnad på prisen utfrå kor du fyller tanken.

Reidar Fugle Nordhaug, Førde Ap

LES OGSÅ: Ap foreslår å øke skattene med 15 milliarder

Byen skal betale for bygda

Førde Ap går lenger enn dei andre innkomne forslaga. Lokallaget vil ikkje berre ha billegare bensin og diesel på bygda. Dei vil også skru opp prisen i byane.

Reidar Fugle Nordhaug

Reidar Fugle Nordhaug, Førde Ap.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi ynskjer å auke drivstoffavgifta i dei områda der det kollektive tilbodet er godt utbetra, for så å bruke pengane på å finansiere buss og bane i distrikta, seier Reiar Fugle Nordhaug i Førde Ap.

– Kor mykje billegare bør drivstoffet vere utanfor byen?

– Eg vil ikkje antyde ein sum. Men premisset må vere at det er skilnad på prisen ut frå kor du fyller tanken, seier Fugle Nordhaug.

LES OGSÅ: Knallhard olje-kamp i Arbeiderpartiet

– Eit klokt forslag

Ap-nestleiar Trond Giske trur forslaget om differensiert drivstoffavgift fort kan få gjennomslag på landsmøtet. Han set i sentralstyret og har teke imot dei mange forslaga til innhald i nytt partiprogram.

Ap-nestleder Trond Giske smiler. Blå bakgrunn

Ap-nestleiar Trond Giske.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Eg synest det er eit klokt forslag. Vi bør lage fleksible ordningar som gjer at dei som ikkje har eit kollektivtilbod eller vel meir miljøvenleg slepp unna avgiftsaukane vi har sett under den sitjande regjeringa.

Kva trur du sjansen er for at landsmøtet det stemmer gjennom?

– Det er stor forståing i Ap for at distrikta er meir avhengig av bilen, og at vi kan betale meir i byane hvis det vert brukt til å gje eit betre og billegare kollektivtilbod, seier Giske.

Landsmøtet i Arbeidarpartiet startar torsdag 20. april på Folkets Hus i Oslo.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger