Hopp til innhold

16-åring slått ned på Kverneland

Ein 16-åring vart sendt til legevakta etter han blei slått medvitslaus på Kverneland. Fyll og bråk har elles prega natta i Rogaland.

Illustrasjon

Det har vore ei travel natt for politiet i Rogaland.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Kl. 23:00: Politiet rykka ut til ei adresse i Haugesund sentrum der mindreårige hadde fest. Festen blei avslutta og festdeltakarane blei sendt heim.

Kl. 23:30: Ein 16 år gamal gut slått medvitslaus på Kverneland. Han blei køyrd til legevakta. Politiet etterforska saka på staden. Dei har ikkje teke nokon for ugjerninga, men har gode spor.

Kl. 23:36: Politiet rykka ut til ein utestad i Haugesund fordi vaktene ikkje klarte å handtera ein kvinneleg gjest. Kvinna i 20-års alderen sette seg kraftig opp mot politiet og utøvde vald mot politiet. Ho blei teken med og sett i varetekt. Ho vil bli avhøyrd i løpet av søndagen.

Kl. 00:22: Politiet rykka ut til ei adresse i Haugesund sentrum. Fleire av naboane fekk ikkje sovar grunna høg musikk. Festen vart avslutta.

Kl. 00:31: Ein mann i 20-års alderen fekk beskjed om å forlata Kopervik sentrum. Han hadde vore frekk og gjort seg vanskeleg overfor dørvaktene.

Kl. 00:45: Ein mann får beskjed av politiet om å forlata Stavanger sentrum. Han var plagsam og rusa. Han greidde ikkje det, og hamna dermed i arresten.

Kl. 01:09: Bilførar blir stansa på Lutsiveien i Sandnes. Han er kraftig rusa, og blir fråteken førarkortet og meld til politiet.

Kl. 01:43: Mann og dame laga bråk ved utestaden Hall Toll i Stavanger. Den mannlege parten klarte ikkje å roa seg ned. Han blei sett i arresten.

Kl. 02:01: Ein mann blei stoppa på indre kai i Haugesund. Politiet meinte han var rusa på meir enn berre alkohol. Mannen innrømma at han hadde brukt narkotika. Han blei køyrd heim av politiet, og sak blir oppretta.

Kl. 02:24: Bil stansa i Sandnes sentrum. Bilføraren var rusa. Han blei fråteken førarkortet og meld til politiet.

Kl. 02:50: Innbrot på Jåtta vidaregåande skole i Stavanger. Det er ikkje klart om noko er stole. Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar.