– Eg sleit stort sett med amfetamin. Det var det som var vanskelegast og som øydela livet mitt mest, fortel Morten.
29-åringen frå Jørpeland begynte å rusa seg som 18-åring. 10 år som rusmisbrukar sette sine spor.
– Det gjorde meg inneslutta. Eg kutta kontakt med alt av familie og venner. Rusen fylte meg med angst og det var utfordrande å komma tilbake til kvardagen.
Ein tur til Thailand, der han møtte menneske frå heile verda, blei vegen ut av rusen for 29-åringen. I fjor var han rusfri.
– Det er knallbra. Det beste er at eg kan seia ja til alt utan at rusen stoppar meg. Eg står fri til å velja det eg vil.
Gode erfaringar
29-åringen har trossa både kulde og snøbyer, og har tatt turen til Jørpelandsholmen – ein kort båttur frå Vågen i Jørpeland. Han deltar på det nyoppretta arbeids- og aktivitetstilbodet for tidlegare- og nåverande rusmisbrukarar, «Stasjonen».
Alt etter fire månader har arbeidet gitt resultat, merkar leiaren for prosjektet, Mads Hjelmen. I dag står strandrydding, og ikkje minst grilling av villaks på bål, på agendaen.
– Eg har god erfaring med at bruk av naturen fungerer veldig godt. Det viser også erfaringane frå nyare behandlingsinstitusjonar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Omfattande rusproblematikk
Men trass positive erfaringar med dette prosjektet, har Strand kommune store utfordringar på rusfeltet. Førre kartlegging frå slutten av 2015 viste at det var 130 rusmiddelavhengige i kommunen, fleire av dei tunge brukarar.
– Sidan me starta kartleggingane i 2011, er det Strand som har hatt den størst delen kartlagde rusmisbrukarar av kommunane i Helse Stavanger. Me har ein omfattande rusproblematikk, seier ruskoordinator Jeanette Litlatun Fossmark.
Ho seier brukarar fortel at dei begynte med rus alt ned i 12-årsalderen.
– Kvifor har det blitt slik i Strand?
– Det er veldig vanskeleg å svara konkret på det. Rusforskar Sverre Nesvåg samanliknar Strand med andre industrisamfunn som Sauda og Odda, og meiner det kan ha noko med strukturen på industrisamfunn å gjera.
- LES OGSÅ:
Søker tilskot til nye stillingar
I dag er det ti årsverk som jobbar med rusproblematikken i Strand, både på Nav, i psykiatritenesta og i Familiens hus. Men dei som har ansvaret for dette i dag vil styrka satsinga, og har derfor søkt styresmaktene om tilskot til seks nye stillingar som kan jobba med rusarbeid i kommunen.
– Me har sett på stillingar innanfor ettervernstilbod, behandling og på det å fanga opp ungdommar tidlegast mogleg, fortel Nav-leiar i Strand, Nils Kjetil Nessa.
– Det har aldri vore fokus på dette før, så eg trur det kan bli positivt dersom dei klarer å oppretta nye stillingar. Folk treng hjelp, er meldinga frå den tidlegare rusmisbrukaren Morten.