Hopp til innhold

Rabarbra-tortur i beksvart kjellar

Ein skulle kanskje tru det ikkje var mogleg, men i ein kjellar på Jæren veks det rabarbra heilt utan fotosyntese. – Det blir på ein måte å torturera planten litt, seier mannen bak vinterrabarbraen.

Ein skulle kanskje tru det var naturstridig, men i ein kjellar på Jæren veks det rabarbra heilt utan fotosyntese. – Det er på ein måte litt tortur, seier mannen bak vinterrabarbraen.

Per Ivar Wold sjekkar røtene på vinterrabarbraen nede i silokjellaren. Dei har per i dag om lag 12 røter som står for produksjonen av vinterrababarbra. Når sesongen er over er røtene heilt utarma.

Sol, sommar, ein kopp med sukker og ei rabarbrastong. Det er slik det skal vera. Men på garden til Per Ivar Wold og Ingeborg Gudmestad Wold på Nærbø har dei denne vinteren snudd opp ned på dette.

– Eg såg eit TV-program på National Geographic om noko som heiter «forced rhubarb». Det var noko som eg tende på, seier Per Ivar.

Saman med kona dedikerer han sommarhalvåret til rabarbra-dyrking og produksjon av alle typar rabarbra-produkt. Derfor sat det ikkje langt inne å reisa til England for å læra meir om vinterrabarbra.

Per Ivar Wold og Ingebjørg Gudmestad Wold

Per Ivar Wold og Ingebjørg Gudmestad Wold driv rabarbra-garden Köhler Paviljongen. Sjølv om dei synst det er spanande å dyrka rabarbra om vinteren, blir det ikkje noko dei skal satsa stort på.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Naturstridig

«Forced rhubarb», som kan omsetjast til tvungen rabarbra, stammar frå tidleg på 1800-talet i England. I dag finst det svære veksthus der dei driv med produksjon av rabarbraen, som er meir søt og finare i fargen enn vanleg rabarbra.

Ekteparet Wold hadde ein beksvart silokjellar som stod tom, og bestemde seg for å gå i gang med ein liten produksjon.

– Etter frosten hadde kome i vinter tok me om lag 12 rabarbrarøter inn i kjellaren. Ikkje lenge etter byrja det å veksa rabarbra opp frå røtene, fortel Ingebjørg.

Det verkar naturstridig, men det som skjer at ein manipulerer planten til å tru at våren er komen på grunn av temperaturforandringa.

Gourmetmat

Me lurer rabarbraen til å tru at han står i skuggen og at han må strekka seg opp til lyset. Me har målt at den kan veksa opp til fire centimeter på ein dag. I England seier dei at du kan høyra plantene veksa i dei store veksthusa, seier Per Ivar.

Sven Erik Renaa

Meisterkokk Sven Erik Renaa som mellom anna driv Michelin-restauranten Re-Naa hadde aldri høyrt om vinterrabarbra før Ingebjørg kom på døra med ein pose. Nå har han blitt svært glad i produktet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Denne raske veksten gjer at rabarbrastonga blir heilt særeigen, og råvara er svært ettertrakta av kokkar. Derfor tok Ingebjørg Gudmestad med seg ein pose til Michelin-kokk Sven Erik Renaa i Stavanger.

– Eg hadde ikkje høyrt om det før, men har lest meg opp nå. Den er søtare og mykje finare enn sommarrabarbra, og me brukar den hovudsakleg i salte rettar. Så er det jo litt kjekt å seia til gjestane at dei skal få årets første rabarbra i januar, seier Renaa.

– Tortur

Sjølv om ekteparet Wold ser at det er mange som er interesserte i produksjonen deira, så er det neppe noko dei vil satsa stort på.

– Produksjonen er rett og slett litt for krevjande, seier Per Ivar.

Det krev også god tilgang på etablerte rabarbrarøter, sidan denne måten å dyrka rabarbra på er svært krevjande for planten sjølv.

– Etter ein sesong i kjellaren her er rota nett som oske, den er heilt utarma. Så på ein måte er dette ein slags tortur, fortel Wold.

Rødbeter

Rabarbra om sommaren. Slik me kjenner den best.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix