Hopp til innhold

Hadia Tajik toppar Ap-lista i Rogaland

For første gong skal Hadia Tajik stilla til stortingsval for heimfylket sitt. Det blei avgjort under Rogaland Arbeidarparti sitt nominasjonsmøte i Haugesund i dag.

Hadia Tajik

RØYND: Hadia Tajik er ein av to nestleiarar i Ap. Ho var kulturminister under Stoltenberg si andre regjering. Dei to siste stortingsperiodane har ho blitt vald inn for Oslo Ap. Tidlegare har ho mellom anna vore politisk rådgjevar for Jens Stoltenberg og politisk nestleiar i Rogaland AUF.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

  1. Øystein Langholm Hansen

    Det mest spanande under dagens nominasjonsmøte var kven som skulle hamna på fjerdeplass. Denne plassen fekk distriktssekretær ved LO sitt kontor i Rogaland, Øystein Langholm Hansen.

    Foto: Odd Rune Kyllingstad
    Hadia Tajik
  2. Torstein Tvedt Solberg
  3. Hege Haukeland Liadal
  4. Øystein Langholm Hansen
  5. Julia Wong

Dette er dei som skal toppa lista til Rogaland Arbeidarparti under stortingsvalet 2017. Det blei klart under dagens nominasjonsmøte i Haugesund.

33 år gamle Hadia Tajik frå Bjørheimsbygd i Strand kommune i Rogaland har i begge sine stortingsperiodar blitt vald inn frå Oslo Arbeidarparti. Det har lenge vore kjent at ho ved neste års val skal toppa lista i heimfylket sitt, og under nominasjonsmøte til Rogaland Arbeidarparti i dag blei det endeleg avgjort.

– Den beste personen me kunne fått

– Ho er ung, frisk, dyktig og sympatisk. Det er den beste personen me kunne fått til å toppa lista, seier distriktssekretær ved LO sitt kontor i Rogaland, Øystein Langholm Hansen, om Tajik. Sjølv fekk han den vanskelege fjerdeplassen på lista.

Langholm Hansen meiner det er viktig at han som LO-representant er med på lista.

– Eitt av måla me har er å få opp veljarmassen hos LO sine medlemmar, derfor er det viktig å få inn ein LO-representant, seier han.

Ap-toppane i Rogaland

Her er dei fire kandidatane som står øvst på lista til Rogaland Ap. F.v: Torstein Tvedt Solberg, Hadia Tajik, Hege Haukeland Liadal og Øystein Langholm Hansen.

Foto: Rogaland Ap

– God spreiing

– Dette er ei veldig god liste, seier leiar i Rogaland Arbeidarparti Arne-Christian Mohn medan Tajik held innleiinga til valkampen på talarstolen.

Han meiner at spreiing i alder frå Julia Wong i 20-åra til Øystein Langholm Hansen, som snart rundar 60 år er ein styrke.

– Dessutan så er det ei god spreiing i kor representantane kjem frå og me har både AUF og LO representert, seier Mohn.

Han legg til at Rogaland Arbeidarparti ligg an til å få fire representantar inn på Stortinget, og at partiet går inn for å vinna valet.