Hopp til innhold

Han har ringmerka 2000 kattugler – noko som av og til går på helsa laus

Sjølv om Ivar Sleveland frå Egersund stadig blir angripen av kattugla, er fuglen framleis hans favorittdyr nummer ein. Kvart år brukar han tallause timar på arten.

Ivar Sleveland har ringmerka meir enn 2000 kattugler

Ivar Sleveland blir kalla «Uglemannen» av mange. Han har fleire blodige historier frå når han har blitt angripen av kattugler.

– Ein gong kom ho fykande rett mot meg, fekk ein fot innanfor visiret og kutta meg ein liten centimeter unna det beste auget mitt. Eg var heldig, for det er folk som har blitt blinde.

Ivar Sleveland, eller «Uglemannen» som mange kallar han, har mange blodige historier frå når han har blitt angripen av kattugler. Kanskje ikkje så rart sidan han år etter år oppsøker uglemamma sitt aller heilagaste, nemleg dei nyklekte ungane.

– Dei ser jo sjølvsagt på meg som ein inntrengar når eg klatrar opp i trea og tek ungane ut frå kassane deira, seier han.

Kattugleungar

Kattugla bygg vanlegvis reir i hole trestammar. Fugleinteresserte over heile landet plasserer likevel ut trekassar dei kan bygga reir i. – Eit skogbruk som blir meir og meir effektivt er ein av grunnane til at det blir mangel på naturleg hole trestammar, seiar Sleveland.

Foto: Ivar Sleveland

Godt år for Kattugla

Sleveland er leiar i Dalane ornitologisk forening og har heile 70 kassar plassert ut i skogen i Dalane. I mangel av hole stammar brukar kattuglene kassane til å laga reir. Og på våren, når egga klekker, ringmerker han dei nyklekte ungane.

– Det er for å bidra litt til forskinga. Kvar fugl me ringmerker er eit registrert individ, som ein kan følgja over tid, seier han.

Likevel legg han ikkje skjul på at han får mykje personleg glede av å driva med den tidkrevjande hobbyen.

– Våren er den absolutt finaste og travlaste tida. Det er spaninga med å sjå om det har kome nye ungar i kassane eller om måren har gått til angrep og teke egga. Dessutan er kattugla svært fasinerande dyr, som eg har vore svært oppteken av heilt sidan 80-talet då ein kamerat introduserte meg for kattuglekassar. Det er noko med den lydlause måten dei flyr på, seier Sleveland.

Han legg til at 2017 ser ut til å bli eit svært bra år for ugla. Kulla er store og det er god tilgang på mus.

Les òg:

Farleg hobby

Sleveland passar på å bruka mykje beskyttelse når han ringmerker kattugler, og han merker ikkje dei som er for unge, for då kan det henda at mora ikkje lenger vil ha dei.

Han presiserer derfor at det er viktig at dei som ønsker å driva med dette får grundig opplæring, og at ingen klatrar opp til fuglekassar dei tilfeldig treff på i naturen.