Hopp til innhold

Jærbuar tett på eksplosjonane i Thailand

– Det er ubehageleg når det skjer så nære, seier Knut Bærheim frå Klepp, som var på ein restaurant om lag 150 meter frå der to bomber gjekk av.

Eksplosjon i Hua Hin, Thailand

Eksplosjonen skjedde om lag 150 meter frå ein restaurant der Knut Bærheim og to kompisar sat.

Foto: Matichon Online

Knut Bærheim frå Klepp, og to kompisar frå Sandnes, var ikkje var langt unna då to bomber gjekk av i Hua Hin torsdag kveld, men dei høyrde likevel ikkje eksplosjonane.

– Me fekk beskjed av personalet i restauranten at dei stengde av på grunn av bombeeksplosjonar om lag 150 meter unna. Eg veit ikkje kor store bomber det kan vera snakk om, me høyrde i alle fall ingenting, seier Bærheim.

Byen skulle tømmast

– Korleis var stemninga?

– Me fekk beskjed om at byen skulle tømmast, så det var ein straum av mopedar og taxiar ut av sentrum. Mange folk fôr heim gjennom. Eg opplevde likevel ingen panikk, folk var stille og rolege, seier han.

I følgje NTB så skal ei kvinne vera død og meir enn 20 personar skadde som følgje av eksplosjonane. Bombene skal ha vore gøymde i blomsterpotter og blei detonert med hjelp av mobiltelefon, opplyser thailandsk politi til BBC.

– Vil ikkje gå umerka hen

Bærheim har hatt hus i Thailand i 10 år, og er ofte nede for å spela golf, han har aldri opplevd noko liknande.

– Det er ubehageleg at det skjer så nære. Det vil ikkje gå umerka hen, men eg håper ikkje at det set alt for stort preg på ferien, seier Bærheim.

Flere nyheter fra Rogaland